Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Klimaendringane er eit spørsmål om menneskeleg verdigheit, seier Asuncion St. Clair. Ho er ein av tre UiB-forskarar bak den kommande klimarapporten frå FN.
Førre veke vart det klart at 18 norske forskarar og ekspertar er plukka ut til å delta i utforminga av den femte rapporten frå FN sitt klimapanel. Asuncion Lera St. Clair, professor ved Sosiologisk institutt ved Universitetet i Bergen og vitskapleg leiar ved CROP (Comparative Research Programme on Poverty) er ein av dei. Eit spørsmål om verdigheit – Denne delen av rapporten skal handle om korleis menneske, samfunn og klimaendringar heng saman og korleis samfunn må tilpasse seg endringar i omgjevnadene, seier ho. Ho understrekar at klimaendringane ikkje kan handsamast isolert frå spørsmål knytta til utvikling, fattigdom, ulikskap, rettferd og etikk. – Dersom vi definerer klimaendringane som eit miljøproblem, vil dei fleste kun sjå dei problemstillingane som er direkte knytta til klimaet. Dette er eit stort feilgrep. Klimaendringane er ein effekt av sosioøkonomiske prosessar og er ei samfunnsmessig utfordring, så løysingane må også finnast innanfor ei slik ramme, seier ho. Ifølge St. Clair er klimaendringane eit symptom på ein utviklings- og framstegsmodell som har skapt ei urettferdig verd og klimakrise. Ho meiner at klimaendringane er eit spørsmål om menneskeleg tryggleik og verdigheit. – Det er dei fattigaste som vil merke klimaendringane på kroppen. For dei vil ei temperaturstigning på eit par grader eller mindre vere eit spørsmål om liv og død. Første steg på vegen mot ei berekraftig verd må vere å utrydde fattigdomen, seier ho. Ho peikar på at dette også vil gje instrumentelle fordelar for bekjempelse av klimaendringar. Til dømes er ei verd utan fattige og med utdanna kvinner den beste måten å få avgrensa befolkningsveksten på. Asuncion Lera St. Clair ser fram til samarbeidet med dei andre forskarane. – Eg vart overraska over å bli nominert til arbeidet med klimarapporten og ser det som ei stor ære å få delta, seier ho. Breidt spekter Dei andre norske forskarane som skal delta er: – Delrapport 1: Det klimavitskaplege grunnlaget – Gunnar Myhre, CICERO, Coordinating Lead Author – Delrapport 2: Verknader av klimaendringane, tilpasning og sårbarheit – Siri Eriksen, Universitetet for miljø- og biovitskap, Lead Author – Delrapport 3: Tiltak og verkemiddel for å redusere utslepp – Annegrete Bruvoll, Statistisk Sentralbyrå, Lead Author
Den femte klimarapporten ber preg av at FN ser klimaendringane som ei samansett utfordring. St. Clair er ein av fleire forskarar utan naturvitskapleg bakgrunn som skal jobbe med rapporten. Ho er sosiolog og filosof og har blitt valt ut til forfattartemaet bak delrapport 2, om ”Verknader av klimaendringane, tilpasning og sårbarheit”.
Frå Bjerknessenteret og Universitetet i Bergen deltek også forskingsdirektør Eystein Jansen og professor Christoph Heinze. Dei er ein del av forfattarteamet bak delrapporten om det klimavitskaplege grunnlaget.
– Jan Fuglestvedt, CICERO, Lead Author
– Cecilie Mauritzen, Meteorologisk institutt, Lead Author
– Jan-Gunnar Winther, Norsk polarinstitutt, Lead Author
– Grete Hovelsrud, CICERO, Lead Author
– Karen O’Brien, Universitetet i Oslo, Lead Author
– Svein Sundby, Havforskingsinstituttet, Lead Author
– Kenneth Drinkwater, Havforskingsinstituttet, Review Editor
– Ståle Navrud, Universitetet for miljø- og biovitskap, Review Editor
– Edgar Hertwich, NTNU, Lead Author
– Frank Sperling, WWF, Lead Author
– Daniel Mueller, NTNU, Lead Author
– Snorre Kverndokk, Frischsenteret, Review Editor