UiB-forskarar vert oftare sitert

Publisert

Ser ein på siteringar per tilsett, er Universitetet i Bergen på 64. plass i verda. Rektor Sigmund Grønmo er godt nøgd.

QS World University Rankings har kvart år ei rangering av dei beste universiteta i verda. Dei ser på ulike aspekt før dei kårar vinnaren. Dersom ein ser på talet på siteringar per tilsett, kjem UiB ut som nummer 64 i verda, skriv UiB sine nettsider. I fjor var UiB nummer 92.

– Ein svært sterk og positiv framgang, og eit uttrykk for kvaliteten i forskinga, seier rektor Sigmund Grønmo til nettstaden.

Rangeringa seier at totalt sett er Massachusetts Institute of Technologi  verdas beste universitet, med University of Cambridge og Harvard University på dei neste plassane. UiB er nummer 145. Det er dårlegare enn i fjor.

Grønmo hevdar at dette skuldast ei endring i talmaterialet som vert brukt.

­ – I 2011 tok plasseringa utgangspunkt i ei anleis vurdering av studenttalet. Dette gjer at me i år kjem dårlegare ut på forholdstalet mellom studentar og tilsette og på talet på utanlandske studentar.

I 2005 vart UiB sett på som det 320. beste universitetet i verda.

Rektor Sigmund Grønmo peikar på at UiB har klatra 175 plassar på rangeringa i løpet av sju år.

Powered by Labrador CMS