UiB-geologar i Nature: Rekonstruerer naturmiljøet under istidene

Publisert

I over 10 år har to kvartærgeologar frå UiB arbeidd med å rekonstruere istidsklimaet i Nord-Russland. I dag fyller resultata deira framsida på siste utgåve av tidsskriftet Nature.

– Det vi har funne, er ein ny forsterkingsmekanisme i klimasystemet i istida, seier professor Jan Mangerud ved Institutt for geovitskap. Saman med professor John Inge Svendsen frå same institutt, er han medforfattar på artikkelen som har fått framsida i Nature. Artikkelen omhandlar resultat frå klimamodelleringar gjort i Grenoble og Paris, men Mangerud og Svendsen har stått for feltarbeidet og dei paleogeografiske rekonstruksjonane som simuleringane byggjer på.

Arbeidet til Mangerud og Svendsen har gjeve mykje ny kunnskap om utviklinga av dei store isbredekkene og om istidsklimaet i Nord-Russland. I tidlege fasar av siste istid vaks breisen sørover frå kontinentalsokkelen i Barents- og Karahavet og inn over Russland, der iskanten demte opp dei store elvene som har utlaup i Polhavet. Slik skapte isbreane enorme innsjøar over slettelandskapet og dei vide elvedalane i Nord-Russland og Sibir for 80-90.000 år sidan.

Global forsterkingsmekanisme

– Vi har samarbeida med franske klimamodellørar for å finne ut korleis dette påverka klimaet, fortel Mangerud.

– Og vi kom fram til at innsjøane har hatt ein uventa stor innverknad på klimaet over det eurasiske kontinentet, og har vore ein viktig forsterkingsmekanisme for breveksten under istidene. Innsjøane var kalde, og sidan vatn har stor varmekapasitet, bidrog dei til å senke sommartemperaturen over store område med så mykje som 8-10 grader. Det førte til at det i sin tur vart mindre avsmelting frå breane om sommaren, slik at dei vaks fortare, trass i relativt lite vinternedbør. Det er grunn til å tru at dette feedback-systemet også har gjort seg gjeldande i Nord-Amerika. I så måte snakkar vi om ein global mekanisme.

– Sjøane spelte ei stor rolle fordi dei hadde så stor utstrekning. På den måten kjølte dei ned dei nedre luftlaga og fekk breane til å vekse fortare enn dei elles ville gjort, forklarer Svendsen.


Proppen gjekk ut

Samla hadde sjøane i Nord-Russland eit areal dobbelt så stort som det Kaspiske havet i dag, heiter det i artikkelen. Isen nådde si største utbreiing om lag 80-90.000 år før vår tid. Då vart klimaet merkbart varmare, og det smelta meir is om somrane enn det kom snø i vinterhalvåret. Iskappa over Barents- og Karahavet vart etter kvart mindre, og brått gjekk proppen ut av karet. Dei store innsjøane vart tømde ut i Polhavet gjennom tunnelar under isen i løpet av nokre månader.

– Dette gav ein stor puls med smeltevatn og drivis, som igjen må ha påverka klimaet. No er ein på jakt etter spor av ein slik ferskvatnpuls i borekjerner både i Norksehavet og i Polhavet, seier Mangerud.

Svendsen fortel at i geologisk samanheng snakkar vi om usedvanleg raske endringar.

– Innsjøane har blitt danna i løpet av nokre få tiår, og tømminga skjedde på månader. Andre faktorar som har spelt inn, er at desse store innsjøane vart fylte opp til vasskiljet på kontinentet, slik at vatnet som i dag renn ut i Polhavet, rann sørover. Vi veit enno ikkje kva verknad det har hatt på klimaet i områda kring Svartehavet og det Kaspiske havet.


På jakt etter menneske

Mangerud og Svendsen har sidan 1992 vore involverte i forsking og feltarbeid i Nord-Russland i samarbeid med forskarar både frå Russland og andre land. Sjølv om Nature-artikkelen er basert på modellering, er arbeid i felt det viktigaste verktøyet for å rekonstruere naturmiljøet under istidene og mellomistidene. Saman med arkeologar er dei mellom anna på leit etter spor av menneske frå seinare perioder av istida, då denne delen av Nord-Russland var meir eller mindre isfritt.

– Sist sommar grov vi ut ein buplass som er førebels datert omlag 33.000 år tilbake. Der fann vi både gjenstandar som blir rekna som typiske for neandertalarane, og ting som er typiske for det moderne mennesket. I samarbeid med andre forskarar vil vi halde fram med å rekonstruere miljøet dei levde i. Kva for menneske var det, og kvar kom dei frå? Korleis var klimaet, korleis såg det ut ikring dei? Ein har lenge tenkt at istida var ein ugunstig periode å leve i, men det er feil. Sjølv om det til tider var nokså kaldt, var landskapet fruktbart med eit rikt og variert dyreliv, ein føresetnad for å kunne livberge seg i desse nordområda, hevdar Svendsen.

Istidsmiljøet fungerer som ein robust test av dei modellane som er i bruk i klimaforskinga, fordi klimaet den gongen var svært annleis enn i dag, men samstundes er det råd å rekonstruere det i nokså stor detalj. Betre kunnskap om istidsklimaet i Nord-Russland har difor mykje meir enn historisk interesse. Resultata frå prosjektet blir allereie nytta til å teste dei aller fleste modellar i verda som varslar om klimaet i framtida.

Powered by Labrador CMS