Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I 2020 er UiB eit internasjonalt kunnskapsmiljø på toppnivå i ein av dei mest attraktive byane i Europa, spår scenariobyggar Ole Berrefjord. Men det skjer ikkje av seg sjølv.
Greier UiB og dei andre tyngdepunkta i Bergen å bygge ut samhandlingskulturen og legge til rette for kvarandre, kan 2020 bli noko å glede seg til: Tidlegare i år presenterte Berrefjord Bergensscenarier 2020, eit prosjekt initiert av Bergen Næringsråd. Bergensscenarier er eit forsøk på fundert spekulasjon, å analysere framtida – med sikte på å legge grunnlaget for økonomisk og kulturell vekst i det som forhåpentlegvis er ein livskraftig by og region om 15 år. Fredag presenterte Berrefjord sine optimistiske visjonar – og mareritt – i multimedia-format under UiB sin styrarkonferanse på Voss. Marerittet, slik Berrefjord ser det, er at ressursmiljøa i Bergen skal bli sitjande på kvar si tue utan å interessere seg nemneverdig for dei andre tuene. Bergen ligg i den mest mangfaldige regionen i Noreg, men også potensielt mest fragmenterte. I den triste visjonen har globaliseringstoget gått utan å ta Bergen med, malinga flassar og innovative industri- og kunnskapsmiljø har for lengst flytta til andre byar i Noreg eller andre stader i verda.
– Tunge, progressive kapitalkrefter såg lyset i 2010. Det populærvitskapelege verdssenteret stod klart til Bergens internasjonale 950-års feiring i 2020, fortel Berrefjord i si framstilling av scenariet.
Kva er så rådet til den jamne akademikar som vil vere med å realisere denne forteljinga?
– Bruk litt tid kvar dag på å sjå deg sjølv utanfrå, samstundes som du tek hovudoppgåva med forsking og undervisning seriøst. Det viktigaste er å ikkje isolere seg. Om det så berre handlar om å ta eit par telefonar av og til, er det viktig nok.
Visjonen
Berrefjord summerer opp fleire faktorar som vil vere avgjerande for suksess, og universitetet er på eit eller anna vis involvert i alle: Vi må dyrke barna sin skapartrang, vi må skape eit klima der unge gründerar kan lykkast, vi må ha fleire forskingsmiljø i den internasjonale kunnskapsfronten, næringslivet må finne sin plass i den globale økonomien og velferds- og funksjons-Bergen må vere velsmurt.
Dessutan må byen må bli ein stad for opplevingar, som er den raskast veksande handelsvaren i verda, ifølgje Berrefjord. Dette heng saman med overgangen frå materiell til immateriell kunnskapsøkonomi som vi er inne i.
– Å greie denne overgangen er ei vesentleg utfordring for å bli konkurransedyktig i framtida, seier Berrefjord.
For å skape i denne økonomien er universitetet eitt av lokomotiva. Samstundes er universitet avhengig av omverda.
– Koplinga mellom forskarar og næringslivet blir viktigare og viktigare.
Marerittet
– I dette bildet har Bergen blitt ein tannlaus by full av fordommar og faenskap, seier Berrefjord.
Faren for at 2020 faktisk ser slik ut, eller i alle fall er på god veg til å bli slik, er høgst reell, meiner han. Konkurransen om å tiltrekke seg progressiv kapital og dei beste hjernene har hardna til, og kjem til å halde fram med det, ifølgje den tidlegare NHH-forskaren.
– Bergen er meir sårbar i det internasjonale dramaet enn vi kanskje forestiller oss. I eit 50 års-perspektiv reknar eg det som meir enn 50 prosent sannsynleg at regionen kan ha mista den relative posisjonen den har i dag. Dersom regionen ikkje er nok innstilt på å så og investere, da vil pokalen lett ryke.
Altså må noko gjerast, og det med det same. UiB spelar ei av hovudrollene.
– UiB er ei av dei mest ekspansive kreftene i regionen og ein kritisk faktor for suksess, seier Ole Berrefjord.