UiB i front på utveksling

Publisert

18 prosjekt er tildelte til saman 91 millionar kroner frå NOMA (Norad’s Programme for Master Studies 2006-2010). Heile fire av desse prosjekta er knytta til Universitetet i Bergen, eit tal som plasserer UiB blant dei beste i klassen når det gjeld samarbeid og utveksling med land i sør.

Av dei 18 masterprogramma som har blitt tildelte midlar, er sju bilaterale og elleve multilaterale prosjekt. I samarbeid med ni norske partnerinstitusjonar, vil heile 15 institusjonar for høgare utdanning i fleire land i sør vere involverte i masterprogramma. Prosjekta frå Universitetet i Bergen spenner vidt, både i fagfelt og geografi. Programma som no er sikra midlar er master i fysisk og kjemisk oseanografi ved Red Sea University i Sudan, ein regional master i biodiversitet og miljøforvaltning ved Tribhuvan University i Nepal, eit masterprogram i anvendt marin vitskap for bærekraftig forvalting av naturressursar ved Eduardo Mondlane University i Mosambique og masterprogrammet i offentleg politikk og styring ved North South University i Bangladesh.

Powered by Labrador CMS