Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
The Times Higher Education Supplement har rangert dei 200 beste universiteta i verda. UiB er ikkje blant dei. – Eit alvorleg signal, seier prorektor Rune Nilsen.
Ikkje overraskande tronar Harvard University på toppen av lista. Sju av dei ti topprangerte er frå USA. Universitet frå alle dei nordiske landa, med unntak av Island, er representerte på lista. Universitetet i Oslo er rangert som nummer 101, medan NTNU er plassert som nummer 187. Nilsen peikar på at UiB arbeider hardt med å utvikle nettopp fleire av dei sidene den poengpaserte rangeringa legg vekt på: siterte artiklar per fagleg tilsett, talet på tilsette per student og graden av internasjonalisering. Til saman utgjer desse delane halvparten av poengsummen. Britiske The Times Higher Education Supplement (THES) peikar sjølv på at alle kåringar av denne typen er problematiske og peikar mellom anna på problemet med å finne indikatorar som er relevante over landegrensene. Derfor baserer kåringa seg på nokre få kriterier, som skal reflektere lærekreftene, forskingskvaliteten og internasjonalt rykte, forklarer publikasjonen.
Men Universitetet i Bergen (UiB) glimrar med sitt fråver. Det er ikkje nok til å utløyse krisestemning i vestlandshovudstaden.
– Dette er eit alvorleg signal, men eg er ikkje djupt bekymra. UiB fokuserer no tydeleg på at vi skal produsere kunnskap til den internasjonale forskingsfronten, vi skal nå ut i dei internasjonale tidsskrifta, og alt dette skal vere del av ei forskarbasert utdanning. Her er vi inne i ei god utvikling, seier Nilsen.
Ungt universitet
Andre halvdelen bygger på innspel frå 1300 akademikarar i 88 land i august og september i år. Desse vart bedne om å nominere institusjonane dei oppfatta som dei beste innan fagfelta og områda dei kjende seg kvalifiserte for å vurdere.
– Noreg er ikkje spesielt synleg, og Oslo blir kanskje lettare hugsa enn Bergen. Vi er dessutan eit ungt universitet, påpeikar Nilsen.
Det viser seg også at Harvard University lever godt på sitt gode namn og rykte. På statistikken over siterte artiklar hamnar Harvard på fjerde plass, mellom anna slått av sveitsiske ETH Zürich.
Problematiske indikatorar
Utanom Oxford og Cambridge på femte og sjette plass, er det berre ETH Zürich som bryt den nord-amerikanske dominansen på topp ti. Ingen afrikanske universitet er representerte, eitt frå Latin-Amerika, nærare bestemt Mexico, er med.
I Europa er seks av dei ti topp-universiteta britiske, to er franske og to sveitsiske. Beste skandinaviske er Københavns Universitet, som er nummer 19.
Prorektor trur UiB vil vere med i det gode selskap ved framtidige kåringar av denne sorten.
– Eg trur vi om få år vil stå i ein heilt annan posisjon internasjonalt, seier Nilsen.