Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ambassadøren har vore på plass lenge, og i går opna Dag Rune Olsen UiBs første ambassade.
André Almås Christiansen er ambassadør, og har vore operativ i lokala til Institutt for samfunnsforskning allereie frå i fjor sommar. Men no er ordninga gjort permanent, og UiB vil dele sju kontor og to møterom med Uni Research.
– Poenget er at det skal vere folk frå Uni Rokkan og Det samfunnsvitskaplege fakultetet der òg, og vi vil ha møtefasilitetar når vi skal ha ulike møte med folk i Oslo, forklarer rektor Dag Rune Olsen.
– André Almås Christiansen (biletet) skal styre verksemda, men vi vil truleg tilsetje fleire.
Men lokala vil i stor grad bli brukt til prosjektarbeid, eller UiB-tilsette som må jobbe nokre dagar i Oslo. Lokala ligg hos Institutt for samfunnsforskning i Munthes gate på Frogner i Oslo.
Olsen er òg open for meir ekspansjon.
– Eg sa under opninga at det kanskje er litt puslete med Oslo for UiB, når BI har etablert seg i Shanghai.
– NTNU har jo etablert seg i Brussel?
– Vi har hatt ein mann i Brussel tidlegare, og det kjem vi nok til å vurdere igjen. Men det kan vi òg gjere saman med NTNU eller andre.
Ugla var med på lasset då Dag Rune Olsen flaug til Oslo i går. Foto: Erlend Horn