Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Forskingsrådet og universiteta i Noreg går saman om eit fellesløft for unge forskartalent, som kan utløyse 300 millionar kroner over tre år. 70 millionar av dei kan hamne hos UiB.
– Det første Fellesløftet, som finansierte 20 ekstra forskingsprosjekt ved UiB fra 2012, viste kva vi kan få til når universiteta og Kunnskapsdepartementet går saman om å gi forskinga eit løft. Denne suksessen vil vi no gjenta for å få til eit skikkelig løft igjen, denne gongen for dei unge forskertalenta i Noreg, seier divisjonsdirektør Anders Hanneborg i Forskingsrådet i ei pressemelding.
– Dette er eit tydeleg signal frå UiB og dei andre universiteta om kor viktig ei satsig på yngre, spesielt gode forskarar er for dei. Dei viser igjen vilje til å avsjå midlar innanfor eigne grunnløyvingingar for å få til eit løft på dette viktige området for Noregs framtid som kunnskapsnasjon.
I det første Fellesløftet gjekk universiteta saman med Kunndskapsdepartementet om å auke budsjettet for den frie prosjektstøtta til Forskingsrådet (Fripro) med 600 millionar kroner over tre år. Dette førte til ei
Dei åtte universiteta går no saman om å leggje 150 millionar kroner over tre år i potten for Fripro. Midla er øyremerkt unge, talentfulle forskarar. Fripro må aukast med ein tilsvarande sum i 2014.