Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Universitetet i Bergen (UiB) opnar for at rektor kan bli tilsett og ikkje valt, slik som i dag. – UiB går i spissen for endeleg nedlegging av universitetsdemokratiet, hevdar professor Jostein Gripsrud.
I førre veke vedtok styret ved Universitet i Oslo (UiO) at det framleis skal vere val på rektor. Det ligg ikkje an til det same vedtaket på Universitetet i Bergen sitt styremøte denne veka. No mobiliserer professorar ved UiB. Innstillinga frå universitetsdirektøren ved UiB legg opp til å først gjere vedtak i saka etter at Stortinget har handsama framlegget til ny universitets- og høgskulelov i februar neste år. UiB har i alle høyringsuttalingar gått inn for fortsatt valt rektor med utgangspunkt i dagens modell. Men samstundes vert det i saksframlegget til styret no slått fast at tilsett rektor vil vere ”en naturlig løsning” dersom lovframlegget går igjennom i si noverande form i Stortinget. I saksutgreiinga er det under punktet om ny universitets- og høgskulelov lagt til grunn at lova i hovudsak vil få den utforminga som det er gjort framlegg om. Både Nilsen og Gripsrud er sterkt kritiske til måten saka har blitt handtert på i UiB-systemet og saknar debatt i forkant av møtet som skal haldast på Solstrand Hotell. Universitetsdirektør Kåre Rommetveit avviser at saksframlegget inneber tilsett rektor ved UiB. Han syner til framlegget til vedtak som inneber at styret skal ta stilling til dette spørsmålet først over nyttår.
– Vi har arbeidd med å utvikle ei demokratisk styreform ved universitetet gjennom mange år. Dette demokratiet må vi ta vare på, det er den beste garantien for at skuta seglar fagleg støtt, seier professor og tidlegare rektor ved UiB, Ole Didrik Lærum.
Lærum var ein av frontfigurane i Vox Academica, som er ei vidareføring av det nasjonale professoroppropet mot Ryssdalsutvalet sitt lovframlegg i fjor haust.
–Uheldig
Styrar ved Institutt for Informasjons- og medievitskap, Jostein Gripsrud, meiner saksframlegget er oppsiktsvekkande.
– Blir dette vedteke, inneber det at Universitetet i Bergen som det første går inn for tilsett rektor. Med dette går ein i spissen for endeleg nedlegging av universitetsdemokratiet, seier Gripsrud.
Han får støtte frå blant andre Ann Nilsen, professor ved Sosiologisk institutt.
– UiB har i høyringsuttallingar gitt uttrykk for at ein ønskjer valt rektor. Då blir det svært uheldig at ein går frå det standpunktet. Det er ingenting som tilseier at forholda for UiB når det gjeld prosessen mot ny lov er annleis enn dei som gjeld for Oslo – der ein har vedteke å ha valt rektor uansett utfallet av stortingshandsaminga, seier Nilsen.
Saknar debatt
– Saka har ikkje blitt grundig nok diskutert, sakspapira kom seint ut, og styremøtet er lagt på fire mils avstand frå universitetet. Dette synest eg er merkeleg, særleg fordi det kjem like etter at UiO har gjort vedtak om å ha valt rektor, seier Gripsrud.
Han peikar på at lovframlegget frå Utdannings- og forskningsdepartementet ikkje seier noko om at det skal vere tilsett rektor.
– Både Universitetet i Oslo og NHH har gjort vedtak om valt rektor. Med det vedtaket UiB no legg opp til, undergrev ein det politiske arbeidet som kan gjerast i forkant av handsaminga i Stortinget neste år.
På Høyden fekk i går ikkje kontakt med nokon av dekanane ved UiB, med unntak av Odd E. Havik, dekanus ved Det psykologiske fakultet. Han er ikkje like uroa over framlegga til vedtak i styret.
– Saksframlegget kan tolkast på meir enn ein måte. UiB har gitt uttrykk for sitt klare og prinsipielle syn om at ein skal ha ein valt rektor. Eg synest det er likevel fornuftig at ein drøftar konsekvensane av ein ny styringsstruktur. Det viktige er at den som skal styre har ein legitimitet, uansett kva utfallet blir i forhold til valt eller tilsett rektor.
Håpar på debatt
– Dette vil gi rom for den debatten som Gripsrud og andre ber om, seier han.
Rommetveit understrekar at det prinsipielle standpunktet om at ein ønskjer å oppretthalde dagens ordning med både valt rektor og dagleg leiar i form av universitetsdirektør, står fast.
– Men problemet er at den rektorrolla som lovframlegget inneber, er ei heilt anna rolle - som liknar meir på dagens universitetsdirektørrolle og med ein eksternt oppnemnd styreleiar. Eg ser mange problem med denne modellen, og er heilt samd i synspunkta som Lærum og Kuhnle målbar i sitt innlegg sist veke om at vi ikkje ynskjer ein slik styringsmodell for UiB.
Rommetveit seier at universitetet må på banen i forhold til realitetane.
– Det er viktig å få ein debatt om den rektorrolla som lovframlegget inneber - og ikkje den rektorrolla vi i dag har. På dette viset trur eg vi kan synleggjere følgjene av lovframlegget for institusjonane våre. Kva UiB meiner om denne saka trur eg det er stor intern semje om - og eg vonar på eit stort engasjement frå dei tilsette ved UiB i den vidare debatten.
Ifølgje Rommetveit er årsaken til at sakspapira kom seint ut reisefråver og nødvendig tid til å få sakene skrivne ferdig.