Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Universitetet må gjere informasjon tilgjengeleg og internettsider opne for alle, uavhengig av kva programvare ein har på maskinen. I dag er Microsoft for mektig.
Det meiner professor ved UiB og medlem i Teknologirådets ekspertgruppe, Magne Espedal. Ekspertgruppa har nyleg avlevert sin rapport ”Programvarepolitikk for fremtiden – Teknologiske strategier for et åpnere samfunn” til moderniseringsministeren, og konklusjonen er klar: Alle offentlege institusjonar bør ha opne standardar for programvare og retningsliner for lagring og utveksling av data, slik at informasjon kan utvekslast uavhengig om ein brukar Mac, Windows eller Linux. Universitetet i Bergen vedtok alt i IKT-strategien i 2003 å velje løysingar basert på opne kjeldekodar og opne standardar, samt at ”all programvare bør støtta opne filformat”. Det skal altså vere råd å opne dokument sjølv om du ikkje har Microsoft Word på maskinen din, og dei såkalla kjeldekodane bak programma som blir brukte skal vere gratis tilgjengeleg for brukarane. – Eg er svært glad for Teknologirådet si tilråding. I departementa har det stått stille veldig lenge, og ved UiB har vi ønskt ei sentral forankring for dei tiltaka vi gjennomfører. IT-direktør ved UiB, Tor Bu, viser til at nye portalar som blir oppretta er basert på opne kjeldekodar. Døme på det er studentportalen og intranettet som skal opne over nyttår. Også det nyopna Bergen Open Research Arhcive (BORA) ved UiB har open kjeldekode. Dokument frå administrasjonen blir i stor grad sendt ut som pdf-filer som kan lesast av alle, ifølgje IT-direktøren.
Eit stykke igjen
– Programvaresystem som er opne gir heilt andre moglegheiter for eigenutvikling enn verktøy som er proprietære og lukka. Studentar og tilsette bør ikkje bli lærte opp til å tru at Microsoft er det einaste saleggjerande, seier Espedal, som meiner det framleis er eit stykke igjen før UiB har oppfylt måla i strategien, både når det gjeld opne dokumentformat og kjeldekodar.
Han får støtte frå prorektor Rune Nilsen, som leia IKT-strategiutvalet ved UiB.
– Vi har kome eit stykke på veg, men ikkje langt nok, særleg i forhold til opne kjeldekodar, seier han.
Med ei så klar tilråding som no har kome frå sentralt hald, håpar Nilsen det blir meir fart i arbeidet ved UiB.
Noreg ei sinke
Ifølgje Teknologirådet si ekspertgruppe har Noreg ein lang veg å gå når det gjeld opne standardar og å stille krav til it-industrien. I dag kan du risikere å ikkje få tilgang til svært mykje offentleg informasjon dersom du ikkje er kunde av Microsoft. Størstedelen av norsk sentraladministrasjon har framleis Microsoft Word som hovudstandard, og fleire nettsider må du ha Microsofts nettlesar, Explorer, for å opne.
– Samanlikna med ei rad andre europeiske land er den norske staten ei sinke når det gjeld å stille krav som kjøpar. Staten er ein stor kunde og har eit ansvar for å stille krav for å få ei fornuftig utvikling, seier Espedal, som trur Noreg kunne spart minst to milliardar kroner i året på ein overgang til Linux.
– Følgjer opp
– I dei tilfella der vi har eit val, har vi lojalt følgt opp strategien, men vi er nok framleis i stor grad bunde til Microsoft, seier Bu.
I motsetnad til Microsoft Windows, har operativsystemet Linux opne kjeldekodar. Linux er også gratis å ta i bruk og langt mindre utsett for virusangrep. Derfor meiner både Espedal og Nilsen at UiB burde droppe Microsoft og ta Linux i bruk. Program som Open Office og Star Office til teksthandsaming, presentasjonar og rekneark er også gratis og har open kjeldekode. IT-direktøren er likevel ikkje heilt overtydd.
– Det er fleire kostnader knytta til dette enn berre lisensen, for eksempel i forhold til drift. Totalrekneskapen går ikkje alltid i favør av Linux. På servernivået vil vi til ein viss grad gå over til Linux. Men når det gjeld brukarsida, vil vi inntil vidare legge til rette for både Microsoft og Linux, seier Bu.