Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kunnskapsdepartementet krev ein handlingsplan frå UiB for korleis talet på mellombels tilsette kan minskast. Berre to universitet må levere ein slik plan.
Saman med UiT Norges arktiske universitet må UiB innan utgangen av året ha klar ein handlingsplan for korleis ein skal få ned bruken av mellombels tilsette. I etatsstyringsmøte viser eigaren kor nøgde dei er med utviklinga på universitet og høgskular. Slik formulerer departementet pålegget etter eit slikt møte før sommaren:
– UiB har framleis alt for dårlege resultat på dette området. Fleire samanliknbare institusjonar kan vise til langt betre resultat, og UiB bør undersøke om er noko det kan lære av desse. Med utgangspunkt i dei dårlege resultata pålegg departementet universitetet å utarbeide ein handlingsplan med forpliktande tiltak som kan bidra til å redusere talet på mellombels tilsette ved institusjonen. Altfor dårlege – I tilbakemeldinga frå departementet blir resultata til UiB omtalt som «alt for dårlege». Kva ligg i dette? – Universitetet i Bergen har 19,9 prosent mellombels tilsette i alle tre stillingsgruppene under eitt, mot 13 prosent i snitt for dei tre beste universiteta. Vidare hadde UiB 19,3 prosent mellombels tilsette i støttestillingar, mot 14,6 som snitt for universiteta, samtidig som UiB hadde negativ utvikling i mellombels tilsette sidan 2009 både for denne gruppa (frå 15,4 til 19,3 prosent) og for utdannings- og forskarstillingar (frå 21,4 prosent til 24,4 prosent). Det er dette som ligger i omtalen av UiBs resultat som «altfor dårlege», skriv Johansson i ein epost. Negativ utvikling – Men i motsetnad til UiB er utviklinga for mellombels tilsette hos UiO positiv sidan 2009 for både utdannings- og forskarstillingar og sakshandsamarstillingar, seier Johansson. I forskingsmeldinga, som blei presentert i vår, er økonomiske virkemiddel skissert som neste sanksjon dersom institusjonane ikkje gjer nok for å få ned talet på mellombels tilsette. – Behov for det – Eg ser fram til at det kjem ein konkret handlingsplan. Det er behov for det. – Har det vore gjort ein for dårleg jobb ved UiB for å få ned talet på mellombels tilsette? – Det er litt uoversiktleg for oss. Dei konkrete arbeidsgivarane sit rundt på fakulteta og tilset. Vi i organisasjonane har alle saman følgt tilsetjingar for å sjå om det er grunnlag for mellombels tilsette. Når arbeidsgivarane angir at dei har heimel er det ofte lite vi som tillitsvalde kan gjere. Dette er og ei utfordring rundt i fagmiljøa når ulike fagmiljø får SFF- eller ERC-stipend. Då blir det fort ein del mellombels tilsette. Men det er ikkje gitt at ein ikkje har bruk for kompetansen til desse personane òg etter at perioden er gått ut. – Burde ein i akademia seie opp folk oftare om ein ikkje treng dei lenger? – Eg vil seie at ein har for stor angst for risikoen for at ein kan sitje med nokre tilsette ein ikkje har bruk for, for det er muleg å seie dei opp. Dette trur eg fagforeiningane har mindre problem med enn arbeidsgivarsida. Men ganske mange av dei tilsette har kunnskap og ferdigheiter ein kan bruke andre stader i organisasjonen. Og det er betre for folk å vere fast tilsette og vite at ein kanskje ikkje har bruk for dei ein dag, enn at dei er mellombels tilsette og aldri kan ha ein lengre tidshorisont enn kontrakten som gjeld til ei kvar tid. Dette temaet kom rektoratet med positive signal om i valkampen, så dette er noko vi ser fram til å høyre meir om, seier Melve. Vil tilsette fleire fast – Først vil vi orientere styret om pålegget frå departementet, og så skal vi diskutere kva vi kan gjere. Som rektorat har vi gått til val på at vi ønskjer å byggje ned bruken av mellombels tilsette ved å tilsette folk i faste stillingar, òg i eksternfinansierte prosjekt der inntektene er gitt for ein viss periode, seier Olsen. – Men vi må sjølvsagt tilsette med varsemd, understrekar han. – Korfor har UiB blitt blant dei dårlegaste universiteta på dette feltet? – Vi har nok ikkje hatt eit tilstrekkeleg fokus på det. Vi skal sjølvsagt ha ein del mellombels tilsette, men sjølvsagt innanfor rammene til lova. På sikt må vi òg sjå på ei ordning med innstegsstillingar.
Ekspedisjonssjef Toril Johansson i Kunnskapsdepartementet fortel til På Høyden at mellombels tilsette er delt i tre kategoriar: Utdannings- og forskarstillingar, sakshandsamar-/utgreiarstillingar og støttestillingar. Dersom tala er for høge etter fleire kriterier, må institusjonen lage ein handlingsplan.
NTNU ligg godt an med 15,6 prosent mellombels tilsette, mens både UiB og UiO ligg meir enn tre prosentpoeng over snittet til dei beste universiteta når ein ser dei tre stillingsgruppene samla.
Leiar for Norsk tjenestemannslag ved UiB, Jørgen Melve, er glad for at departementet no tvingar UiB til å lage ein plan.
UiB-rektor Dag Rune Olsen har ikkje lagt ein plan for å få ned talet på mellombels tilsette enno, men vil setje i gang arbeidet straks.