Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
NTNU i Trondheim har stramma inn på reglane for bruk av nettverket tilhøyrande universitetet i trønderbyen. Studentar som lastar ned ulovleg kopiert innhald vert no truga med nettnekt, skriv aftenposten.no. IT-direktør ved NTNU viser til norsk lov, der det er forbode å kopiere opphavsrettsleg materiale. På UiB er derimot ikkje handhevinga av nettbruk like streng. IT-direktør Thomas Evensen viser til at det er eit vanskeleg juridisk område, og meiner universitetet er ein slags nettleverandør i denne samanhengen. Evensen viser til at ein ikkje har ressursar eller kompetanse til å drive etterforskning eller overvåking på dette området. – Ein eventuell utestenging av ein student frå nettet, kan få alvorlege konsekvensar for utdanninga til vedkommande, seier Evensen til aftenposten.no Skulle det dukke opp konkrete tilfelle av ulovleg nedlasting, vil IT-avdelinga ta dette frå sak til sak.