UiB og Helse Vest saman om laboratorium

Publisert

Torsdag 15. mai blir opninga av eit nytt felleslaboratorium for molekylærpatologi markert på Avdeling for patologi, Gades institutt. Laboratoriet er ei sams satsing mellom UiB og Helse Vest.

– Felleslaboratoriet skal brukast både til forsking og sjukdomsdiagnostikk, der forskinga vil innrette seg etter dei tryggleiksrutiner som diagnostikken krev, seier dagleg leiar ved laboratoriet, professor Anders Molven ved Gades institutt.

– Mykje av arbeidet baserer seg på polymerase-kjedereaksjonen, PCR. Dette er ein metode for masseproduksjon av arvestoff ut frå små mengder biologisk materiale slik at ein kan søke etter genetiske endringar, fortel han.

Kan skjære ut kreftceller med laserstråle

I den klassiske patologien studerer ein korleis organ, vev og celler ser ut. Utfrå dette stiller legane sjukdomsdiagnosar. I mange år har også informasjon om kva for protein vevet innheld, vore brukt i det diagnostiske arbeidet. No kjem ulike teknikkar basert på analyse av arvestoff i stadig større grad inn som eit supplement til patologane sitt viktige arbeid.

UiB og Helse Vest har begge avstått areal til laboratoriet, som er lokalisert i andre høgda i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus. Helse Vest har teke det meste av kostnadane ved ombygging og det basale laboratorieutstyret, medan fleire spesialinstrument er skaffa med støtte frå UiB, Meltzerfondet og ulike legat.

– Laboratoriet har mellom anna fått eit instrument for lasermikrodisseksjon. Dette er eit avansert mikroskop som kan skjære kreftceller ut frå det normale vevet ikring ved hjelp av ein tynn laserstråle. Dermed blir vi betre i stand til å påvise genetiske endringar i kreftcellene. Instrumentet er det første i sitt slag i Bergen, og er finansiert med middel frå Norges Forskningsråd og Rebekka Ege Hegermanns legat, fortel Molven.


«Vinn-vinn-situasjon»

Prorektor Rune Nilsen er svært glad for satsinga som ligg til grunn for det nye felleslaboratoriet.

– Forskingsverda har endra seg, og det faget som har vore eitt av dei mest tradisjonelle i den forstand at ein ser på og studerer vev og organ, tek no i bruk i bruk dei mest kraftige analytiske verktøya. Samstundes vil ei fellessatsing som dette føre til positiv utvikling i laboratoriemiljøet, og løfte fram den vinn-vinn-situasjonen som samarbeidet mellom Helse Vest og UiB er, seier han.

Nilsen legg vekt på at aktiviteten ved laboratoriet går inn i den institusjonelle faglege satsinga ved UiB, med forgreiningar både til marinbiologien og til det molekylærbiologiske miljøet ved mat.nat.

– Moderne metodar innanfor molekylærbiologi og bioinformatikk er eit satsingsområde, og noko vi prioriterer og applauderer. Samhandlinga med mat.nat. på desse felta gjer det lettare å akkumulere kunnskap på området, og felleslaboratoriet vil bli eit kraftsentrum for både metodisk og teoretisk tilgang og kompetanse.

Powered by Labrador CMS