Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I Per Jonas Nordhagens nye praktbok om Nygårdshøyden kan vi følgje den historiske og sosiale utviklinga i bydelen gjennom bygningane som har blitt reist der dei siste 150 åra.
Per Jonas Nordhagen omtalar Nygårdshøyden, slik bydelen framstår i dag, som ein mosaikk av ulike tidsepoker og bygningstypar. ”På Universitetets grunn: Nygårdshøydens arkitekturhistorie 1860-2000” er skriven på oppdrag frå UiB, med støtte frå Den Norske Banks Jubileumsfond. Nordhagen har likevel stått heilt fritt i si framstilling av universitetets utbygging av Nygårdshøyden. Boka som er gjeve ut på Eide forlag er delt i fire delar. Forteljinga startar med reguleringsplanen frå 1855. To lystgårdar og eit par hus var det einaste som fantest av bustader i området då utbygginga av Nygårdshøyden byrja i 1850-åra. Det var ein heilt ny bydel som skulle reisast på dei grønne markene og skråningane utenfor den gamle trehusbustadane på Nygård. Planane var inspirert av storstilt byggeaktivitet i det som då heitte Kristiania. Det fantest to motpolar innanfor byplanpraksisen i denne perioden; det var det praktisk-rasjonelle og det eksklusive og forskjønnande. Sistnevnte prega utbygginga av Nygårdshøyden og gav den eit eksklusivt preg. Nordhagen skriv i boka at ”Nygårdshøyden må ha vært tenkt som Bergens svar på beste vestkant i Kristiania”. Det første bygget som reiste seg på Nygårdshøyden var Bergen Museum. Men kva samanheng var det mellom museet og den nye byplanen? Det er påfallande, skriv Nordhagen, at bygningen vart oppført så tidleg som den gjorde, lenge før gatenettet vart opparbeidd. Nordhagen meinte det nye bygget hadde funksjon som eit bygg som kunne huse store utstillingar av internasjonalt format, samstundes gav bygget status til byområdet, og det er ikkje unaturleg å tenke seg at ein ville lage eit motstykke til slottet i Kristiania. - Vi er nokså glade for at ikkje denne vart gjennomført. Med denne planen ville vi ha blitt eit nytt Blindern, seier Kåre Rommetveit og får støtte frå Nordhagen. Bergensarane har i alle år hatt eit ambivalent tilhøve til universitetet sitt. Dette har svinga i ulike epokar, men til tider har det vore ein oppheita diskusjon. På 1960-talet meinte mange at universitetet var ein framandlekam som burde flyttast ut. Nokre ville flytta det heilt til Stavanger, medan andre nøydde seg med å foreslå Storetveitmarkene. Avdøde Knut Fægri var den som forsvarte universitetets plass i byen sterkast.
- Det er ein fin cocktail, og ein har lukkast med å skape nye spennande byrom med å sette saman gammalt og nytt, seier kunsthistorikaren som nemner som døme sammenkjedinga av SV-bygget med St.Paul skole i Fosswinckelsgate. I boka er nesten kvar einaste bygning på Nygårdshøyden representert med bilete og historie. Nordhagen, som er professor emeritus i kunsthistorie, trekker dei lange linjene, men har samstundes blikk for detaljar.
- Nordhagen har gjennom sitt blikk på arkitekturen også klart å formidle den sosiale historia til bydelen, sa Kåre Rommetveit då Per Jonas Nordhagen overrekte”På Universitetets grunn” Torsdag 4.mars. Universitetsdirektøren er svært nøgd med resultatet og trur mange vil få glede av boka. Han meiner den er eit supplement til den reine universitetshistoria ikkje minst Nordhagen har vore oppteken av å vise samvirket mellom byggekunst og universitetets øvrige utvikling.
Ein bydel for eliten
Bergens svar på slottet i Kristiania
Nygårdshøyden vart etterkvart bebygd med ein blanding av fornemme bolighus og universitetsbygg. I 1917 vart det fremja ein stor og visjonær reguleringsplan for Sydneshaugen, men nye arkitekturmotar og andre faktorar gjorde at berre to bygg frå denne planen vart gjennomført. Det var Sydneshaugen skole (1920) og Historisk museum (1927). På 1960-talet kom ein ny reguleringsplan, der ein variant var forslag om å bygge ruvande høghus på 15-16 etasjer på rad og rekke på høyden.
Hindra eit nytt Blindern
- Nygårdshøyden har komme godt ut av det alt i alt, men vi må framleis ha bevaringsfoten ute, seier Per Jonas Nordhagen.
- Om ikkje Universitetet i Bergen hadde lagt si klamme hand over Nygårdshøyden så hadde nok store delar av den blitt riven planlaust ned i etterkrigstida, trur Nordhagen.
Han har sjølv nytta høvet i boka til å vise fram sine eigne, små venner blant bygningane og tilstår at har eit særskilt hjarte for 1800-talets bygårdar. I boka viser han at av dei mange flotte bygga på Nygårdshøyden, ligg dei flottaste som regel øverst på ”høyden”, medan dei mindre påkosta bygga ligg lavare nede mot sentrum av Bergen eller Møhlenpris.
Med Nordhagens arkitektoniske blikk kan det også komme interessante og uventa perspektiv. Mellom anna tek han til orde for å verne trappa som gjekk ned frå Postkontoret på Studentsentret. – Delar av Studentsentret er verneverdig, meiner Nordhagen. Kåre Rommetveit er einig med Nordhagen i at Studentsentret har fungert på nokre område, mellom anna har det oppfylt intensjonen om å vere eit bruksbygg.
Også Realfagbygget får ei oppreising i boka.
- Realfagbygget er eit flott bygg med klåre arkitektoniske aktivitetar. Ser ein nærare etter ser ein at arkitekten er litt inspirert av japansk arkitektur og arktitekten har på den måten prøvd å gje overflata liv og struktur, seier ein entusiastisk Nordhagen.
Ville flytte universitetet til Stavanger
- Ein slik motsetnad mellom universitet og innbyggarar er noko som er typisk for mange europeiske byar. Det er det såkalla Town and Gown-syndromet, seier Kåre Rommetveit. Han meiner omfamninga som er blitt universitetet til del frå byens innbyggjarar er av nyare dato, og kan sporast til endringar som har kome det siste tiåret.
- Det verkar som det har blitt tydelegare for folk kva universitetet har hatt å seie for byen over tid, seier Rommetveit.
- Universitetet har blitt framstilt som ein inntrengar på Nygårdshøyden. Nordhagen stadfester i denne boka at dette biletet er feil, seier Kåre Rommetveit. Fotografi og kart som er med i boka viser at då Bergen Museum vart reist som første bygg på Nygårdshøyden, rundt 1860, låg Nygårdshøyden ”langt ute på landet”. Det var såleis ikkje i konflikt med byen og bustadbygginga der då universitetet vart etablert.
- Ein kan også spørje seg korleis ein i Bergen kunne klare å skape eit universitet i ei økonomisk nedgongstid. Noko av forklaringa, fins, trur Rommetveit, i at bergenserane er utprega praktiske menneske.
Tilsette kan kjøpe boka til redusert pris. Ho skal og omsetjast til engelsk for å nyttast som gåve til folk som vitjar UiB. Kontakt Else Marie Grepsly, Garderoben, Studentsenteret. Else-Marie.Grepsly@eia.uib.no tlf:89870 Pris per bok kroner 250.