UiB sitt nye andlet

Publisert

UiB har lenge ønskt seg ein god og heilskapleg visuell profil for institusjonen. For eit år sidan tok grafisk eining ved Formidlingsavdelinga fatt på oppgåva, og no kan du finne resultatet på eit flunkande nytt, nettbasert profiltorg.

– Oppdraget frå Universitet la klare føringar i bordet. Det viktigaste var kanskje at ein ikkje skulle tulle med ugla, seier Helge Grønhaug, som er gruppeleiar for gruppa for grafisk design og multimedia ved Formidlingsavdelinga.

I samarbeid med grafisk designar ved avdelinga, Lars Haaheim, har han utvikla den nye profilen. Arbeidet har vore nært knytt til arbeidet med konkrete, grafiske produksjonar som årsmeldinga og dei nye studiebrosjyrane. På den måten har profilen blitt utvikla i ein samanheng, og står ikkje åleine.

Ugla er det viktigaste grafiske elementet i UiB-profilen. Første gongen ugla dukka opp, var på det første tidsskriftet som vert gjeve ut frå Bergens Museum. Den gongen sto ugla på ein stein, no står ho på dei sju fjella kring Bergen. Dette symbolet har altså tradisjonar attende til før UiB vart etablert, og har vore brukt på ulik måte i ulike trykksaker og i elektroniske medium. Tidlegare har det ikkje vore utvikla klare retningsliner for uglebruk. Det ligg no innbakt i profilen.

Ein profil er samansett av ein del element som har ulik vekt. Det er sjølve namnet som er den tyngste profilbæraren for UiB. Så kjem merket, altså ugla. Det vi kallar logo er kombinasjonen av merke og namn, forklarer Grønhaug.

Dagens farge: Havblå

På profiltorget kan ein finne døme på rett og feil bruk av merke, namn og logo, saman med retningsliner for kven som kan bruke det. Til dømes skal det alltid vere ein viss avstand frå merket til andre grafiske element, for å sikre at merket kjem klart og tydeleg fram.

– Ein profil er ikkje ein profil før han blir brukt konsekvent over tid. Vi har gjort avgjerd om eit par skrifttypar og fargar som er element i profilen. I den samanhengen undersøkte vi kva fargar UiB helst bør assosierast med, og det var stor semje om ein havblå farge som hovudfarge. Det tyder ikkje at alle trykksaker som kjem frå UiB skal ha denne fargen. Men i dei største og viktigaste trykksakene, som årsmeldinga, kan hovudfargen godt vere eit berande element, seier Grønhaug.

På nettsidene finst mellom anna ein profilbutikk der ein kan tinge forskjellige effektar med UiB-emblem ved å fylle ut skjema direkte på nett. Sidene vil bli utvida etter kvart som nye produkt og tenester blir klare.

– Det er viktig å skilje mellom stil og profil. Vi ønskte å lage ein profil som ikkje gjer at ein låser seg til ein mal der det ikkje er rom for det som sermerker dei ulike einingane. Det skal til dømes vere råd for alle fagmiljø å presentere seg sjølve innanfor den nye profilen. Det tyder også at det ikkje berre er Formidlingsavdelinga som skal lage produkt basert på profilen. Det er umogleg for oss å produsere alt som skal lagast av trykksaker og effektar ved UiB. Mykje av poenget med profiltorget er at profilen også skal kunne brukast som eit verktøy av andre produsentar som gjer oppdrag for UiB-miljø, avsluttar Grønhaug.

Powered by Labrador CMS