Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
På under to meters avstand vart isbjørnen skoten, og Kristin Richter berga livet. Masterstudenten frå Universitetet i Bergen er med eit forskarteam på Edgeøya på Svalbard.
Richter, som kom uskadd frå dramaet laurdag ettermiddag, var saman med ein sikkerheitsansvarleg frå Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) for å klargjere hytta på Kapp Lee på Edgeøya då den vel 500 kg tungen bjørnen gjekk til angrep. To andre forskarar, blant dei Lars Henrik Smedsrud frå Bjerknessenteret ved UiB, var på trygg avstand frå hendinga, som fann stad kort tid etter at dei fire hadde blitt skyssa til staden med helikopter. Den sikkerheitsansvarlege frå UNIS fyrte forskriftsmessig av fleire signalbluss og skremmeskot då dei vart merksame på isbjørnen. Men bjørnen kom likevel nærare og nærare. Til slutt vart bjørnen skoten på kloss hald med ein Magnum-revolver, og trekte seg tilbake før den døydde vel 50 meter frå hytta, ifølgje Nordlys. Isbjørnen som vart skoten på Edgeøya er ifølgje Nordlys ein av dei aller største som er skotne på Svalbard dei seinare åra. Hannbjørnen hadde ei vekt på 505 kg. Frå UNIS får På Høyden opplyst at Kapp Lee, der bjørnen vart skoten mellom klokka tre og fire laurdag ettermiddag, er kjent som eit yngleområde for isbjørn.
På kloss hald
– Det er første gong utsendte frå UNIS har vore nødt til å avlive ein isbjørn, seier informasjonsansvarleg ved UNIS, Kjetil Rønning, til På Høyden.
Forskarane er framleis på Edgeøya for å fullføre arbeidet sitt og skal hentast tilbake til Longyearbyen med helikopter fredag. Richter og dei andre forskarane studerer isfrysing i Storfjorden, og brukar snøscooter og gummibåt for å kome til og frå hytta.
Kristin Richter, som kjem frå Tyskland, er tilknytta Bjernkessenteret og Geofysisk institutt som masterstudent. Lars Henrik Smedsrud, som ikkje var direkte involvert i dramaet, er postdoktor ved Bjerknessenteret.
Ein av dei største