Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Det er med stor sorg vi fekk bodskapen om at ein av våre studentar er funnen omkommen i Frankrike, seier rektor Dag Rune Olsen.
UiB-student Ommund Veim Eikje er funnen ommkomen i Avignon. Ifølge familien er det ikkje noko som tyder på at han har vore utsett for ei kriminell handling.
Eikje er funnen død ved det gamle historiske festningsverket i Avignon.
– Dette var ein populær stad å ta bilete for turistar. Ommund må ha falt utanfor stupa. Han ble tilfeldigvis funnen av nokre arbeidarar i området. Vi har ingen grunn til å tru at det er noko anna enn ei ulukke, seier Ove Eikje, talsmann for familien til nrk.no.
– Det er med stor sorg vi fekk bodskapen om at ein av våre studentar er funnen omkommen i Frankrike. Våre tankar går no til familien til Ommund. Han hadde også medstudentar ved uiB og ein vennekrets som no er i sorg. Vi kjem til halde ei minnestund for dei som vil vere med, seier rektor Dag Rune Olsen til På Høyden.
Klokka 13.00 fredag vil det vere eit informasjonsmøte for studentar og tilsette i Auditorium A på Sydneshaugen.
Far til Eikje er framleis i Avignon i Frankrike. Olsen har vore i kontakt med mor til studenten.
– Eg har gjeve våre kondolansar, og familien vil ha vår støtte på dei vis dei måtte trenge, seier Dag Rune Olsen til På Høyden.
Torsdag blei leilegheita til Eikje funnen. Ingen skal ha vore til stades i leilegheita som Eikje skal ha leigd i Avignon.
Det melder nrk.no.
– Lokalt politi har vore i kontakt med utleigar, som stadfestar at Ommund har betalt eit større beløp kontant som depositum for leilegheita, seier Ove Eikje til nettstaden. Han er onkel til den sakna studenten.
Leilegheita blei funnen i ei anna gate enn der familien først leita.
Eikje var student ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier. Han var for tida på utveksling i Avignon søraust i Frankrike.