Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
- Eg kjenner meg absolutt ikkje att i omtalen av UiB-studenten som ”pasient”, seier utdanningsdirektør ved UiB, Mette Myrmell Torrissen.
– Eg skjønar at Karrieresenteret ønskjer å gje studentane ein tankevekkar og skape merksemd, men eit slikt utspel er meir til skade enn til gagn, seier Torrissen. - Det er ikke rett å samanlikne UiB-studentar med studentar ved NHH og høgskulane. Desse institusjonane har eit mykje smalare utdanningstilbod enn UiB og har ofte ein smal fagleg profil. Dermed er det lettare for desse studentane å ”selje seg sjølve”, noko dei tradisjonelt har vore flinke til. Når UiB-studentar framstår som audmjuke dreier det seg ikkje om dårleg sjølvtillit, men at dei er utrena i å marknadsføre sin eigen kompetanse, seier Mette Myrmell Torrissen. Dagleg leiar ved Karrieresenteret, Rønnaug Tveit seier at utspelet i media i forkant av Karrieredagen var i spissformulert fordi dei ønskte å skape debatt. Tveit meiner likevel at det er eit paradoks at studentane som kjem til Karrieresenteret for å få rettleiing gjennomgåande er engstelege for ikkje å få jobb, manglar fagleg og personleg sjølvtillit, samstundes som dei vil ha ein jobb på øverste hylle. Tveit medgjev at senteret har vore med på å bygge opp forventningane til ”glamorøse” yrkesval i UD eller kjende internasjonale organisasjonar. Hittil i 2004 har nesten 1500 studentar vore innom Karrieresenteret, mange for å få veiledning, gå på kurs eller få hjelp til søknad og CV. I heile fjor hadde senteret vel 4000 besøkande. Kompetansekraft, prosjektet som skal skaffe praksis til ferdige kandidater og bedrifter ny kompetanse har gjeve ti kandidater jobb hos mellom anna hjå Rieber eiendom, Grieg gruppen, NHO og FN-sambandet.
Ho meiner at UiB-studentane er meir medvitne om yrkesval enn nokon gong og seier Kvalitetsreformen har tilpassa universitetsstudia meir til yrkeslivet.
I Studvest, Dagsavisen og BA har tilsette ved Karrieresenteret i forkant av Karrieredagen 17.mars skulda UiB-studentar for å vere snobbete og kun opptekne av ”glamorøse” jobbar i forlag, media eller UD. Karrieresenteret omtaler studentar sitt tilhøve til arbeidsmarknaden som ”pasient” eller ”agent” og meiner mange UiB-studentar høyrer til i pasientkategorien. Desse ventar på å bli tekne hand om av andre og spelar ikkje ei aktiv rolle i å skape si eiga karriere, meiner Karrieresenteret.
Utdanningsdirektøren kallar utspela tendensiøse, men strekar under at Utdanningsavdelinga til vanleg har eit utmerka samarbeid med Karrieresenteret.
Audmjuk - ikkje dårleg sjølvkjensle
Ho legg til at når også store delar av arbeidslivet i Bergen er minst like utrena i å tenkje nytt i rekrutteringa så har vi ei utfordring.
Torrissen meiner at Universitetet har gjort mykje for å få betre kontakt med næringslivet og verda utanfor universitetet.
- Det er mi klåre oppfatning at vi står mykje lenger framme i medvitetet til det lokale næringslivet enn vi gjorde for nokre år sida. Dei er heilt klart interessert i den kompetansen våre studentar kan tilby, seier utdanningsdirektøren.
Ho meiner Karrieresenteret likevel har eit poeng i at studentane i løpet av studiet, og gjerne så tidleg som mogleg, bør byrje å tenke på kva type jobb dei vil kunne trivast med.
- Om vi skal hjelpe studentane med noko må det vere å hjelpe dei med å sjå verdia av eiga kompetanse og korleis ho kan nyttast. seier Torrissen.
Bill.mrk: Har dårleg sjølvtillit ønskjer glamorøs jobb
- Dei har ein slags ”Alice In Wonderland-tankegong” - om du ikkje veit kvar du skal , veit du i alle fall ikkje korleis du kjem dit, seier Tveit. Ho trur det kan vere ein idé å integrere praksis sterkare i universitetsfaga. Tveit seier ho finn lite yrkesretta i dei nye studieprogramma og oppmoder til at universitetet blir flinkare til å opplyse om at desse programma ikkje er noko yrkesutdanning.
Mette Myrmell Torrissen tilbakeviser denne kritikken.
- Eg er ikkje overraska over at studentane nemner få yrke når dei blir spurt om kva dei kan tenke seg å jobbe med. Dei er i mange tilfelle generalistar, og dei nemner sjølvsagt dei arbeidsplassane der dei veit om andre som har fått jobb. Vi bør vere varsam med å gå for langt i praktisk yrkesretting av våre studier, men jobber meir med å utvikle dugleiken til studentane gjennom oppgaveløysing. Universitetet må halde på sin eigenart og sjå den som eit konkurransefortrinn. I motsetning til mange meir direkte yrkesretta studier er våre studentar ikkje berre opplært til å nyttiggjera seg av kjend kunnskap, men også til å sjå etter og skapa ny kunnskap. Eg vil utfordre Karrieresenteret til å ta tak i dette og vere med å gjere studentane og arbeidslivet i Bergen medvitne om at det fins eit utal karrierevegar for universitetsutdanna, seier Mette Myrmell Torrissen.
Rønnaug Tveit seier seg også heilt einig i at det framleis er viktig å streke under ovanfor både studentar og næringsliv at det først og framst er den generelle akademiske kunnskapen som er fordelen til universitetsstudentane.
Stor auke i pågang til Karrieresenteret
- Er det ikkje slik at det aukande talet på studentar som nyttar Karrieresenteret er eit tegn på at dei faktisk ønskjer å planlegge karriera si?
- Ja, det kan ein seie, samstundes er det ein tendens at svært mange som vitjar oss har ei veldig snever oppfatning av kva jobbar som kan vere aktuelle. Vi vil gjerne opne augene deira for andre typar jobbar, som gjerne ikkje er fullt så populære, men som kan vere vel så interessante. Det skal vi jobbe med i tida framover, avslutter Tønnaug Tveit.