Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I løpet av året skal Forskingsrådet samle petroleumsforskinga i eitt stort program som har fått namnet PETROMAKS. No er den første runden med tildeling av prosjektmidlar frå programmet ferdig, og UiB kom særs godt ut i denne omgangen.
PETROMAKS har som overordna målsetting å bidra til femti år til med norsk oljeproduksjon. I 2004 blir det satsa på prosjekt innanfor leiting og auka utvinning under PETROMAKS. Programmet har i år ei løyving på 27 millionar kroner over statsbudsjettet. I tillegg kjem det 28 millionar frå forskings- og nyskapingsfondet. I førre veke gav programstyret løyvingar til i alt 38 nye prosjekt, av 100 innkomne søknader. Han er nøgd med resultatet av tildelingsrunden, og trur etableringa av CIPR har mykje å seie for utteljinga. Sigurd Aanonsen er ein av forskarane ved CIPR som har fått midlar frå Forskingsrådet. Prosjektet dreier seg kring reservoar-karakterisering og optimalisering av produksjonen, og er delvis finansiert av oljeselskapet Total.
– For UiB er det spesielt viktig at industriandelen på fleire av prosjekta ligg på over femti prosent, slik at når vi no har fått løyvingar frå Forskingsrådet, får vi samstundes frigjort midlar frå industrien i ein storleiksorden på 80 til 100 millionar kroner. Prosjekta vil gå 3-4 år fram i tid, og mellom anna vil det bli rom for å tilsette mange nye stipendiatar på grunnlag av desse søknadene, seier forskingsdirektør ved Centre for Integrated Petroleum Research (CIPR), Arne Skauge.
Flest prosjekt til UiB
– Det gjekk totalt 11 søknader frå UiB, og av dei kom åtte igjennom. I tillegg deltek UiB i fem prosjekt der ein annan institusjon er kontraktspartnar mot Forskingsrådet, slik at UiB i alt er med på 13 prosjekt. Det er fleire enn nokon av dei andre universiteta og forskingsinstitutta, fortel Skauge, som ikkje er uroa over skrekkoverskrifter i avisene om at Noreg berre kan hente opp olje i åtte år til.
– Utreiingane til Olje- og energidepartementet har ein tidshorisont på 50-100 år. Ikkje mange andre industriar kan operere under tilsvarande perspektiv.
Stortingsmeldinga om oljeverksemda, som vart lagt fram i mai i år, slår fast at under 30% av dei estimerte ressursane er produsert. Dei ressursane som ikkje er produsert, fordeler seg nokolunde likt mellom olje og gass, og kan leggje grunnlag for norsk petroleumsverksemd i mange år framover.
Vil lage betre modellar
– Reservoar-karakterisering handlar om å lage ein modell av reservoaret. Som oftast har ein avgrensa med data å byggje på. Ein har data frå brønnar og seismiske data, men ein kjenner ikkje eigenskapane til bergartene i området mellom brønnane. Difor er det ei utfordring å finne betre modellar for reservoara. Felt som har vore i drift ei stund, har ei produksjonshistorie, og dersom modellen ikkje klarar å reprodusere produksjonshistoria, er han i alle fall feil. Tilpassing av usikre data i modellane slik at observert produksjonshistorie blir reprodusert, blir kalla historietilpassing, forklarer Aanonsen.
I sitt forskingsprosjekt tek han i bruk matematiske metodar for å betre historietilpassinga og optimalisere produksjonen. ”Augmented Lagrangian methods” for optimering og ”level set methods” har så langt ikkje vore i bruk på dette området.
– Metodane har vore brukt i biletanalyse. Mellom anna har folk frå Matematisk institutt samarbeida med Haukeland universitetssykehus om å tolke røntgenbilete, finne svulstar og liknande. I eit reservoar har dei ulike bergartane ulike eigenskapar, og her vil det handle om å kunne karakterisere steinen best mogleg, seier Aanonsen.
Prosjektet skal gå i tre år, og vil inkludere tre doktorgradsstipendiatar og éin post.doc.