Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
UiB rettar seg meir mot omverda, og skal produsere kunnskap som formar samfunnet i generasjonar.
Prorektor Anne Lise Fimreite presenterte kladden til ny strateig, #UiB2022, under styreseminaret fredag.
Mens den førre strategien hadde «eit internasjonalt anerkjend forskingsuniversitet» som visjon, er det nye, overordna målet til UiB meir aktivt i forhold til resten av samfunnet. I år 2022 skal UiB vere eit møtepunkt for noko av verdas beste forsking innan marin vitskap, utviklingsrelatert kunnskap og klima- og energiomstilling. UiB skal samle dei beste talenta i profilområda, vere leiande på digital utdanning, vere ei leiande kraft i kunnskapsbyen Bergen, og vise kor viktig forsking er for nyskaping. ¨
Frå breidde til fullskala
Omgrepet «breiddeuniversitet» er av rektor Dag Rune Olsen og kollegaene bytta ut med «fullskalauniversitetet», som vektlegg framifrå forsking i klynger, samarbeid med andre institusjonar og innovasjon meir enn forgjengaren.
UiB skal mellom anna svare på dei store samfunnsutfordringane, slik som fattigdom, mat, klima, helse og samfunnstryggleik, og vere eit engasjerande, formidlande og relevant universitet.
Fimreite legg vekt på at dette er den aller første kladden til det som skal bli den nye strategien til UiB, men tilbakemeldingane frå tilhøyrarane fredag var stort sett positive.
Klarare profil
– Eg opplever at ein er opne for å spele kvarandre betre, og det er det ikkje alltid ein opplever andre stader, seier eksternt styremedlem Johan Fredrik Odfjell, som har vore den sterkaste kritikaren av den førre strategien.
Han har mellom anna sakna ein klarare profil for UiB, og meir samhandling med næringslivet.
– Ein klar profil er ikkje berre viktig for omdømet, men òg for institusjonsidentiteten, meinte professor Kjersti Fløttum, som sit i universitetsstyret for dei vitskapleg tilsette.
Kunnskapsdepartementet, som eig UiB, har og etterlyst ein klarare profil.
Løn og mellombels
Tillitsvald Steinar Vagstad frå Forskarforbundet etterlyser likevel vilje til å setje midlar bak måla om å vere leiande på satsingsområda.
– Eg har tidlegare poengtert at vi løner folk dårlegare enn andre universitet. Men skal du ha den finaste bilen må du rekne med å bla opp det han kostar, seier Vagstad.
Jørgen Melve frå Norsk tenestemannslag minnar om risikoen for ulovleg bruk av mellombels tilsette når mykje av verksemda blir drive i form av klynger og prosjekt.
– Det er ofte i slike samanhengar at vi ser meir kreative tilhøve når det gjeld mellombels tilsette, seier Melve.
Les heile kladden til ny strategi i PDF-dokumentet under.