Administrerande dirketør i Business Region Bergen, Ole Hope, har fleire tankar og ynskjer for framtidas UiB. Han har tidlegare vore administrerande direktør ved NHH i Bergen.

UiB må verte betre til å synleggjere sin kompetanse

Publisert

Hald fram den viktige satsinga på marin forsking, og bli flinkare til å synleggjere kompetansen UiB har. Det er nokre av tankane og ynskja Ole Hope i Business Region Bergen har for framtidas UiB.

Det er nærmar seg fristen for å kome med innspel til den nye strategien som UIB snart skal leggje. Arbeidsgruppa til UiB ynskjer innspel frå både universitetsmiljøet og eksterne aktørar og partnerar.

Breidde, men med spissar
Administrerande direktør i Business Region Bergen, Ole Hope (som tidlegare har vore administrerande direktør på NHH i Bergen),  har fleire tankar om utdanningssektoren i byen. Han er nøgd med UiB som kunnskapsleverandør.

– Universitetet har eit fantastisk tilbod. Vi er heldige og vi er rike som har dette tilbodet og denne breidda. Det som er utfordringa er kanskje at ein del av faga er for lite kjende og at næringslivet har for lite kunnskap om korleis dette faget er relevant for dei, seier Hope.

At UiB er eit breiddeuniversitet er ein berikelse og veldig viktig for regionen, meiner Hope, men det betyr ikkje at universitetet ikkje skal ha sine spissar.

– Det er eit breiddeuniversitet, det trur eg er viktig og eg trur det er det universitetet skal vere. Men samstundes er det viktig å vere tydeleg på kvar UiB verkeleg har dei sterke miljøa.

Marin forsking vert viktig
Eit av dei miljøa Hope tenkjer på då og som han meiner det vil vere viktig å satse på også framover er marin forsking.

– Innanfor marin forsking er universitetet godt. Vi ser no at fleire store globale selskapa har lagt sine hovudkontor til Bergen. Her er forvaltingsmiljø og her er forskingsmiljø. Også framover vil dette vere ei viktig satsing. Dette er jo framtidas matfat. Vi må i framtida finne betre måtar å fø ei veksande befolkning i verda.

Samstundes trur også Hope at energisektoren framleis vil ha eit stort behov for ny kompetanse også i åra som kjem.

– Vi les alle overskriftene om at petroleumssektoren er på veg nedover, men eg trur det er midlertidig og at det kjem til å snu. Eg trur vi kjem til å  ha eit stort behov i energisektoren i mange år framover enda, ikkje minst innan fornybar energi.

(Artikkelen held fram under biletet)

UiB må halde fram den viktige satsinga på marin forsking, meiner Ole Hope. Dette biletet er frå forskingsskipet G.O. Sars, der ei gruppe studentar frå UiB nyleg var med på forskartokt. Foto: Ingvild Fostervoll Melien.

UiB må nå ut med sin kompetanse
Hope opplever at UiB og næringslivet i regionen har ein god dialog, men ser at det også er ting som kan verte betre.

– Kommunikasjonen mellom næringslivet og UiB i dag er god. Eg opplever UiB og leiinga som offensiv, men vi treng nok eit universitet som finn ein måte å samtale med næringslivet på som gjer at næringslivet forstår enda betre kva universitetet har å by på, og kva for kunnskap kandidatane som kjem ut frå universitetet kan tilby næringslivet. Det handlar også om forskingssamarbeid mellom universitetet og næringslivet.

Det er også utfordringar knytt til dei ulike profesjonane som UiB tilbyr. Næringslivet er kjend med kva for kunnskap og kompetanse ein ferdig jurist har, difor er det enkelt for næringslivet å tilsetje ein jurist. Hope ynskjer at fleire av dei profesjonane som ligg litt lenger unna næringslivet også skal verte meir synlege.

– Ta for eksempel filosofi som kan gje oss tenkjarar og problemutfordrande individ.  Det er kanskje det viktigaste næringslivet treng, men vi ser at på dette området er det ein jobb som må gjerast. Her må både næringslivet og universitetet utfordrast på korleis ein kan møtast for å forstå kvarandre, seier Hope.

Den største utfordringa meiner Hope ligg hjå fagmiljø sjølve. Dei må bli flinkare til å nå ut med sin kompetanse.

– Eg trur det er viktig at dei får eit ressursgrunnlag som gjer at dei når ut, og då snakkar eg ikkje nødvendigvis om meir pengar, men om kapabilitet og kommunikasjonskapasitet. Kommunikasjonsavdelinga må ha det som trengs av ressursar for å nå ut til dei ulike aktørane i næringslivet.

Mange kloke hovud
Kva må til for at fleire i næringslivet skal ville investere i forsking og utvikling  på framtidas UiB, samanlikna med det som har vorte gjort tidlegare?

– Forskingssentra er viktige. Vi har allereie fleire Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI), Senter for framifrå forsking (SFF) og arbeidet med Bergen Science City er i gong. Desse sentra er med å setje forskinga innan desse felta på kartet og synleggjere at vi har særs god kompetanse innan desse områda. 

Til sjuande og sist er det kva kloke hovud som til ei kvar tid finns på universitetet og kva desse klarar å skape saman som vil vere avgjerande for universitetet framover.

– Det som er viktig for norsk næringsliv er kompetansen, det som er mellom øyra på folk og ikkje minst det at kloke hovud jobbar saman og skapar ein synergi. Det er det vi skal leve av framover og slike hovud finst det heldigvis mange av på UiB, avsluttar Hope.

Har DU innspel til strategien, så kan du kome med dei her.

Powered by Labrador CMS