Leiar av Studentparlamentet, Tommy Aarethun, ber universitetet i Bergen om å ikkje gløyme breidda når dei skal utvikle sin nye strategi framover.

Ikkje gløym å satse på breidda

Publisert

Ikkje gløym breiddeuniversitetet er ei av oppfordringane frå Studentparlamentet når UiB no snart skal leggje sin nye strategi.

Korleis vert #UiB2022? Den nye strategien til UiB som skal gjelde frå 2016-2022 skal snart leggast. Rektoratet har varsla at det før den tid er mogleg å kome med innspel og ynskjer. Studentparlamentet og leiar Tommy Aarethun har fleire ynskjer for universitetet framover.

Må halde fram som eit breiddeuniversitet
Studentparlamentet har så langt ingen innspel på om der er ulike fakultet eller fagområder det bør satsast meir på, men ynskjer å satse på breidda.

– Vi har ikkje hatt nokon konkrete innspel på dette, men studentparlamentet har vore tydelege på at UiB skal halde fram med å vere eit breiddeuniversitet, men at ein kan spisse seg på nokre område. Klima har då vore det som har gått igjen flest gonger hjå studentane.

Studentparlamentet lovar at dei vil følgje nøye med i tida framover og gjere det dei kan for å kome med innspel og påverke prosessen.

– Vi kjem til å vere aktive i strategidebatten, både gjennom arbeidsutvalet, men og resten av studentparlamentet. Vi kjem til å svare på høyringane etter kvart som det kjem utkast til den nye strategien.

– Kva har de gjort så langt?

– Vi har hatt eit allmøte for studentane. Det var diverre ikkje så veldig mange som kom. Vi har òg hatt ei oppstartshelg med studentparlamentet der Anne Lise Fimreite var og innleia om strategien, seinare hadde vi gruppearbeid og kom fram til ein del punkt.

Ynskjer ei mentorordning
Studentparlamentet og leiar Tommy Aarethun har fleire ynskjer for universitetet framover og meiner det andre områder som også har eit forbetringspotensiale hjå UiB.

– Eg trur dei aller fleste studentane i dag er nøgde med det universitetet vi ser i dag, men det er klart der er ting som ein ynskjer å endre. Det som kanskje går igjen er eit ynske om tettare oppfølging og at utdanningskvalitet får eit større fokus. Det er veldig ofte forsking som blir prata mest om og så gløymer ein kanskje utdanninga litt, seier Aarethun.

Det er nettopp slike innspel som omhandlar utdanningskvaliteten studentparlamentet vil kome med til strategiutvalet.

– Vi ynskjer særleg at dette med utdanningskvalitet får ein sentral plass i den nye strategien og at UiB kan bli kjende for å vere ein utdanningsinstitusjon som har god kvalitet og god oppfølging av studentane.

– Kva konkrete forslag har de til UiB?

– Eit forslag er mentorordninga som går ut på at alle skal få ein mentor når dei byrjar ved universitetet. DigUiB må satsast på, og vi må få varierte vurderingsformer slik at det ikkje berre blir den tradisjonelle skuleeksamenen som nødvendigvis er det beste.

UiB må verte meir synlege
Leiaren av Studentparlamentet meiner også at det er viktig at UiB vert meir synlege for å tiltrekke seg FoU-midlar.

– Eg trur det er viktig å verte synlegare i media med god forskingsformidling, vise og lyfte fram dei områda som UiB er spesielt gode på. Så må ein og ha ein infrastruktur på UiB som gjer at ein når igjennom med dei søknadane som ein sender inn til både EU og Forskingsrådet. Der ser ein at ein kanskje ikkje er like gode som for eksempel NTNU.

– Du nemnde tidlegare at UiB snakkar mykje om forsking, men kanskje gløymer utdanninga litt. Er det vanskeleg å kombinere ei satsing på både forsking og utdanning?

– Det kan det vere, nøkkelen er nok å ikkje ha for mange spissar. Ein kan ha nokre spissar, men så må vi også ha breidda. Det er viktig at ikkje all breiddeutdanning skal skje på universitetet i Oslo.

Har DU innspel til strategien kan du kome med dei her.

Powered by Labrador CMS