Marit Warncke i Bergen Næringsråd rosar Universitetet i Bergen for mykje, men ynskjer seg fleire klynger og meir praksis på framtidas UiB.

Fleire klynger og meir samarbeid

Publisert

Om det var Marit Warncke i Bergen Næringsråd som fekk bestemme korleis framtidas UiB skulle sjå ut hadde det blitt fleire klynger og meir praksis.

Arbeidsgruppa til UiB ynskjer innspel frå både universitetsmiljøet og eksterne aktørar og partnerar no som strategien til universitetet snart skal leggast og i kveld vert det arrangert eit ope møte om strategiprosessen. 

Administrerande direktør for Bergen Næringsråd Marit Warncke har sjølv si utdanning frå UiB og rosar universitetet for den rolla det har i dag som utdanningsinstitusjon.

– UiB er kanskje den aller viktigaste kunnskapsleverandøren vår region har. Vi har jo også både høgskulen og NHH, men universitetet er den største og den kraftigaste motoren vi har.

Ynskjer fleire og større klynger
Warncke seier ho har respekt for universitetet si frie stilling og at det ikkje skal vere næringslivet som skal styre kva universitetet skal satse på. Likevel vil ho på oppmoding frå På Høyden dele nokre tankar og ynskjer for #UiB2022.

– Det er riktig og viktig å tenkje på klyngesatsingar. Det gjer ein i næringslivet, men dei kan ikkje vere aleine om det, også der er universitetet ein viktig motor. Det at universitetet no skal vere med inn i Media City Bergen er utruleg spanande.

Og det treng heller ikkje å stoppe der. Warncke ynskjer fleire klyngemiljø innanfor universitetssektoren.

– Eg, og eg trur også medlemmane eg representerer, applauderer desse tankane med å samle kunnskapsmiljø meir i klynger. Det trur eg blir viktig framover også både innanfor hav-, energi- og teknologinæringane. Eg ynskjer også ei samanslåing av Uni Research og Christian Michelsen Reasearch. Eg trur dei hadde blitt en enda sterkere drivkraft. Vi veit også at fysisk samlokalisering betyr veldig mykje. Difor er blant anna tankane om å få bygt Bergen Science City i eit felles teknologibygg, og samling av dei marine forskningsmiljøa inklusiv Havforskningsinstituttet svært viktig og riktig.

Meir og betre samarbeid med høgskulen
– UiB og Høgskulen burde også verte flinkare framover når det kjem til samarbeid. I ei klyngesatsing trur eg det er ekstremt viktig å få løfte opp samarbeidet mellom dei to. Det er jo allereie nokre lovande takter med tanke på å få fleire masterprogram på plass, seier Warncke.

Ho trur også at det er mykje opp til UiB å få eit større samarbeid på plass.

– I og med at universitetet er den største og sterkaste så trur eg det må vere universitetet som viser litt rausheit for å få dette til.

Energi, shipping og sjømat
Warncke synes det er vanskeleg å seie kva universitetet  eventuelt må kutte ned på for å kunne satse på andre områder. Då er det mykje enklare å meine noko om kva universitetet burde satse på, og det er tre områder som peikar seg ut. Energi, shipping og sjømat.

– Desse punkta er kjempeviktige å satse på. Petroleum og gass vil vere viktig framover, <<like it or not>>. Det er den desidert største næringa i Hordaland. Vi vil trenge nye talent inn i den bransjen i uoverskodeleg framtid, seier Warncke.

Ho meiner også at den kompetansen studentane innanfor petroleumsretta fag får med seg vil vere overførbar til andre viktige næringar.

– Den kompetansen dei sit med kan for eksempel også vere med på å lage den fornybare energien. Allereie no ser vi også eksempel på <<cross over>> mellom næringane. Vi kan ta sjømat som eit eksempel og dei utfordringane ein har når det kjem til havbruk. Vi ser at det kjem opp nye løysingar frå folk med erfaring innanfor offshore og undervassteknologi. Dei kan beherske og operere i ruskete farvatn, både på overflata og under vatn.

Warncke er klar over at petroleumsforskinga er omdiskutert, men meiner uansett at dette er ei næring ein ikkje kjem utanom.

– Den er kjempeviktig! Tenk for ei reise denne industrien har hatt. Vi har gått frå å kunne nesten ingenting om oljen til å no vere heilt i verdstoppen. Den er ein del av det grøne skiftet. Gass må erstatte kol. Kor fort solenergi og anna kan kome inn veit vi ikkje. Vi må kunne klare å satse på begge deler.

Helseforsking vil også vere viktig
Warncke trur at det viktigaste for universitetet vil vere å sjå moglegheitene i dei globale utfordringane vi står ovanfor, anten det no gjel matforsyning, folketalsvekst eller mangel på energi.

– Dei menneska som ser løysingar på det og kan gjere det til business vil vere morgondagens vinnarar.

Meir og vidare satsing innanfor helseforsking vil difor også vere viktig for universitetet, meiner Warncke.

– Det ser kanskje ikkje vi i næringslivet så direkte, men det vil ikkje vere nok hender og hovud til å klare utfordringane som kjem innanfor den sektoren. Ein må finne nye teknologiske løysingar, smartare måtar å organisere oss på. Då treng vi dei smartaste hovuda og dei finn vi på universitetet.

Betre samspel enn før
Samspelet mellom universitet og næringsliv kan framleis bli betre og sterkare, meiner Warncke, som likevel peikar på at det er mykje betre no enn før.

– Dei siste 10-15 åra har vi sett eit kvantesprang i forhold til korleis det var. Vi har hatt ein by som ikkje har vore tufta på akademia. Det har vore mykje handverk, dei gamle lauga og ein handel og sjøfartsby. Ein har kanskje teke det som ein sjølvfølgje at det har vore <<noko>> der oppe på Høyden. Vi er heldigvis komne mykje lenger i dag, men framleis ser eg at det er eit så utruleg mykje sterkare potensiale å ta ut. Der har både universitet og næringsliv eit ansvar.

Warncke ser at mange av dei som er i leiarposisjonar kjem frå andre utdanningsmiljø og ikkje alltid kjenner til kva UiB kan tilby. Ho veit også at næringslivet ofte har ein tendens til å velje det dei kjenner frå før.

– Det at ei faggruppe rekrutterer fleire frå same faggruppe er noko vi ser heile tida.

Ynskjer meir praksis i studia
For å kunne bøte på dette trur Warncke at universitetet må gjere ein enda større innsats i å få meir praksis inn i faga. Det vil gje næringslivet moglegheiter for å bli kjende med andre type studentar enn dei vanlegvis rekrutterer, og det vil gje studentane ein sjanse til å sjå kva moglegheiter som finns innanfor dei ulike næringane.

– Det må leggjast meir til rette for at bedriftene kan få prøve ut studentar og bli kjende med dei. Då vil ein samstundes verte kjende med rettleiarane og andre tilsette på universitetet, slik opprettar ein ei kontakt mellom næringsliv og universitet som kanskje kan vare sjølv om studentkulla kjem og går. Lagar du nokre små snøballar så har dei ofte ein tendens til å balle på seg.

Held ikkje å berre kunne språket
Universitetet kan også verte betre når det kjem til språkutdanningane. Språk er viktig og det er heilt naudsynt i næringslivet, men det er ikkje nok å berre kunne språket, fortel Warncke.

– Kva kan studentane få i tillegg til språket? Dei bedriftene som er anten innanfor shipping eller leverandørselskap har ikkje mange som berre sit og forvaltar kultur og språk. Universitetet må verte flinkare til å gje gode råd til korleis studentane kan setje saman studiet sitt slik at dei vert meir attraktive i næringslivet, avsluttar Warncke.

Kva meiner du framtidas UiB bør innehalde? Her kan du kom med dine innspel. 

Powered by Labrador CMS