Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kanskje er det noko å henta når ein hjerneforskar snakkar med ein velferdsforskar?
UiB sin strategi for dei neste seks åra vart vedteken i universitetsstyret i oktober. Tittelen er «Hav, liv, samfunn».
– Men eit styre gjer ingenting. Ein strategi må vera forankra i fagmiljøa, det er der han vert sett i verk.
Det sa rektor Dag Rune Olsen då rektoratet tysdag hadde det første av fleire informasjonsmøte knytt til korleis den nye strategien skal setjast i verk.
Eiga styresak snart
Det vert altså fakulteta og andre einingar sitt ansvar å få ugla til å fly ut i verda. Akkurat korleis dette skal gjerast, kjem opp som ei eiga sak til styret i februar.
– For ein del av måla i strategien kjem me til å føreslå tiltaksretta handlingsplanar. Desse skal lagast etter ein mal og ikkje vera meir enn to-tre sider, sa prorektor Anne Lise Fimreite.
Ho er oppteken av at strategien er nettopp det – og ingen plan.
– Kanskje endar me til slutt opp ein annan stad enn me hadde tenkt, og det er ikkje sikkert det er det dårlegaste alternativet. Men uansett er det eitt ord som er det viktigaste når me snakkar om å setja i verk strategien, og det er pengar. Eit budsjett er ein omsett strategi. Og skal me omsetja strategien er langtidsbudsjett det viktigaste verkemiddelet me har.
Nokon kan få mest ansvar
Tverrfaglegheit og klynger er nemnt som to av verkemidla i strategien. Men korleis skal ein få dette til i praksis? Viserektor Robert Bjerknes sa at eit forslag, som endå ikkje er vedteke, er å gi ansvaret for kvar av dei tre hovudprioriteringane til eit fakultet. Han viste til rapportane om marin forsking og utviklingsforsking, som viste at forskinga er svært god, men organiseringa for svak. Marin forsking og utviklingsforsking var prioriterte område i UiB sin førre strategi.
– Ein må ha forankring og innhald i større grad, men samstundes må satsingane ha legitimitet i heile universitetssamfunnet. Dersom me landar på å gi eitt fakultet ansvar for eit av områda, er det ein klar føresetnad at heile UiB, til dømes gjennom ei styringsgruppe der alle dekanane er med, skal ha ansvar, sa Bjerknes.
Rektor peika på dei gamle universiteta, der forskarane var langt færre. Det førte mellom anna til at samarbeidet og diskusjonane mellom professorar med ulik bakgrunn var fleire.
– Eg er realist, og der har reduksjon lenge vore regelen. Det har ført til at me veit veldig mykje om veldig små ting. Men kanskje har ein tapt noko på vegen, og kanskje kan strategien gjenskapa noko av det som gjekk tapt: Det kan vera noko å henta dersom til dømes ein hjerneforskar snakkar med ein velferdsforskar.
Auditoriet i realfagbygget var fullsett. Seinare same dag var det møte for HF, SV og juss. Siste møte er neste veke. Foto: Hilde Kristin Strand
Ønskjer ikkje siloar
Møtet tysdag føremiddag var særleg for tilsette ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet og Universitetsmuseet. Dekan Helge Dahle og museumsdirektør Henrik von Achen peika begge på tverrfaglegheit som viktig.
– Strategien legg vekt på breiddeuniversitetet. Den gjer det mogleg å sjå på UiB som eit samarbeidsprosjekt, sa von Achen.
– Det er viktig å bygga ned siloane mellom fakultet og fag, sa Dahle.
Han peika på klyngene som noko av det viktigaste for å lukkast med strategien. Det same gjorde rektor. Han sa at klyngene vil vera eit sentralt verkemiddel for å få miljø i verdsklasse. Det er kanskje ekstra viktig i ei tid der UiB ikkje lenger er nest største universitet. Nye NTNU er størst, følgt av UiO og nye UiT.
– UiB kan ikkje konkurrera på kjøtvekt. Me har 15 000 studentar. Men då vert det viktigare enn nokon gong at me klarar å fylla eigen strategi. Det er òg viktig å få gehør for at dette er eit løft me må gjera saman, sa Olsen.