Kjell Bernstrøm og Dag Rune Olsen fekk støtte frå styret til å sende ut utkastet til ny strategi på høyring, etter ei omarbeiding i arbeidsgruppa til Anne Lise Fimreite. Dermed ligg det an til høyring om dokumentet i vår. Foto: Dag Hellesund

Uprioritert glede i ny UiB-strategi

Publisert

Rektoratet får skryt for prosessen med ny strategi. Innhaldet blei karakterisert som mellom anna «poetisk» og «uprioritert».

Under tittelen «Hav, liv og samfunn» la prorektor Anne Lise Fimreite fram eit utkast til ny strategi for UiB frå 2016 til 2022 på universitetsstyremøtet i går.

Fimreite var klar på at dette er eit steg på vegen fram mot ein ferdig strategi, og at det vil vere mange meiningar om kva retning ein skal gå i, og kva som skal vere med.

Blått hav, liv, kyst og samfunn
– Når det gjeld tittelen har det vore foreslått både «hav, liv og samfunn», «det blå universitetet», «hav, kyst og samfunn» og «vatn, liv og samfunn». Tittelen var tenkt å være samlande for universitetet, men eg har ikkje klart å samle arbeidsgruppa som har jobba med dette eingong, så eg veit ikkje om dette var ein god ide, sa Fimreite.

Framlegget til ny strategi inneheld mange gode formuleringar: «Hav, liv og samfunn», «Kunnskap som formar samfunnet», «Vi utforskar, utdannar, utviklar og utfordrar». I tillegg skal UiB utvikle fleire verdsleiande forskingsmiljø, minst eitt på kvart fakultet. Universitetet skal bli den mest attraktive studiestaden i Noreg, og utvikle og betre relasjonane med styresmakter, næringsliv og samfunnet elles. Samfunnet skal òg få høyre meir frå UiB gjennom betre spreiing av kunnskapen, og vere leiande på digital kunnskapsspreiing.

Smakfullt hav
Fleire av måla er ganske så hårete, for UiB er langt frå leiande på fleire av desse felta. I tillegg er det lagt opp til sju klynger, som er fagmiljø som UiB på ulike måtar har enda opp med. I storleik og natur er desse klyngene svært ulike: MediaCity Bergen, marin klynge på Marineholmen, utviklingsrelatert klynge, ScienceCity Bergen ved Entek-bygget, helseklynge, og kalla Campus Årstadvollen, klimaklynge og ei klynge for mellomalderforsking med Universitetsmuseet som viktig arena. Mens nokre av dei omfattar fleire forskingsinstitusjonar, tusenvis av tilsette og studentar og milliardinvesteringar i nye bygg, er andre meir sentrerte rundt eit eller eit fåtal fagmiljø.

Strategiutkastet fall i smak hos Peter M. Haugan, som representerer dei vitskapleg tilsette i styret.

– Eg blei glad då eg las dette, i godt humør. Eg har tygd litt på det, og synest at hav, liv og samfunn smakar ganske godt. Dessutan synest eg at dei fire ut-ane er veldig gode. Om eg skal vere kritisk til noko må det vere dette med kunnskapen som formar samfunnet. Eg trur det hadde vore betre om vi gjekk rett på ut-ane.

Nok hav til alle
Men sjølv om det var mange godord om godorda i strategien, kan det bli litt generelt:

– Liv og samfunn er vel noko eitkvart oppegåande universitet har, og det posisjonerer oss ikkje i høve til andre, sa Kjersti Fløttum, som elles ga stor ros til heile strategiprosessen.

– Eg synest at dette med hav, liv og samfunn har nærast poetiske kvalitetar, sa eksternt styremedlem Joakim Palme.

Men fleire i styret tok til orde for at utkastet var for breitt og uprioritert, og at det har for mykje preg av at alle fakultet skal få ein bit av strategien.

– Eg klarer ikkje å identifisere meg med dette dokumentet. Vi skal bli best i alt, men vi har ikkje prioritert noko. Fakulteta skal få gjere som dei vil. Men institusjonsleiinga bør òg vere synleg i dette. Det er masse fine ord, men det er inga retning i dette dokumentet i det heile tatt. Og er det bygga som skal avgjere om vi får ei klynge eller ikkje? Her manglar det noko vesentleg for at eg skal meine at dette er noko vi kan gå for. Eg ser ikkje profilen. Det er ikkje muleg å bli best i alt, og her er profilen breiddeuniversitet, utan at vi har valt noko. Strategi er å velje, og då må vi òg velje bort noko, sa eksternt styremedlem Anne Kverneland Bogsnes, som var den mest kritiske til framlegget.

Etterlyser klare val
Den siste av dei eksterne, Johan Fredrik Odfjell, har vore svært kritisk til strategien UiB har i dag, noko han ga uttrykk for ei rekkje gonger då Sigmund Grønmo var rektor.

– Eg synest dette er ein stor framgang frå tidlegare, så vi nærast sa at vi skulle vere eit verdsleiande universitet. Vi er meir realistiske på kva vi kan bli i verdssamanheng denne gongen.

Odfjell er ikkje kritisk til at UiB framleis skal vere eit breiddeuniversitet, men har lita tru på at alle fagmiljøa er like sterke.

Kjem på høyring
– Det er veldig mykje bra i dette. Men eg trur det hadde vore sunt om leiinga hadde gjort nokre klare val. Det blir tatt for mykje omsyn til motstand som kjem opp, og eg vil oppmode dykk til å vere modigare i vala, og det inneber òg at ein må velje bort ting. Dessutan meiner eg at vi er urealistiske når det gjeld måla som gjeld kontakt med samfunnet. Det ber litt for mykje preg av Bergen og Vestlandet, og eg saknar litt meir etter- og videreutdanning, for det er vi ikkje så flinke på, sa Odfjell.

– Eg trur det er sunt om dokumentet tek nokre rundar til og blir litt meir raffinert i kantane, og så går det jo an å spisse det endå meir i handlingsplanane, sa Synnøve Myhre, som representerer dei tekniske og administrativt tilsette.

Universitetsstyret avgjorde å sende utkastet ut på høyring, etter at arbeidsgruppa som Fimreite leiar har innarbeidd nokre av innspela frå styret. 

Powered by Labrador CMS