UiO-rektor tar attval

Ole Petter Ottersen ønskjer gjenval som rektor ved Universitetet i Oslo. Så langt har han ingen motkandidatar.

- Det har vore fire spennande år. Eg føler at rektorlaget har fått gjort mykje, men fire år er kort tid, og me har sett i gang mange ting som me no ynskjer å fylgja opp, fortel Ottersen til UiOs uavhengige nettavis, Uniforum.

Ottersen blei vald til rektor i april 2009, og perioden går ut til våren. Han peikar mot det vidare arbeidet med strategiplanen som hovudgrunn til at han ønskjer ein periode til.

- Me har fått laga ein langsiktig, strategisk plan, etter over hundre innspel frå alle delar av organisasjonen. Denne planen har høge ambisjonar og målsetjingar, og det er desse eg ynskjer at me skal kunna fylgja opp i neste fireårsperiode. Eit meir detaljert program skal me utarbeida seinare i haust, seier han til Uniforum.  

I 2009 var det berre to kandidatar med i rektorvalet. Motkandidaten til medisinprofessor Ottersen var teologidekan Trygve Wyller, som fekk 35 prosent av røystene. 

I Oslo-valet i 2005 var det fem kandidatar med, men ingen av dei tidlegare kandidatane Uniforum har snakka med ønskjer å utfordre den sitjande rektoren. 

Også i Bergen skal det vere rektorval i april 2013, og sitjande rektor Sigmund Grønmo vil ikkje vere kandidat, då han allereie har bak seg to periodar, som er maksimal periode ein rektor kan sitje. 

Så langt har ingen kandidatar meldt seg som rektorkandidatar i Bergen, men På Høyden tek gjerne imot forslag! 

Valreglementet for UiB finn du her.  

Powered by Labrador CMS