Uklare tendensar i byråkratisering

Det er uklart korleis universitetsbyråkratiet utviklar seg og kva ufordringane er nett no. Det er ein av konklusjonane ein kunne dra ut av seminaret til Forum for vitenskap og demokrati denne veka.

Hans Ebbing innleidde til debatten med ei gjennomgang av tidlegare diskusjonar om byråkratisering.

– Spørsmålet om byråkratisering var oppe i universitetsstyret for første gong i 2004. Deretter kom det opp igjen i 2005, og saka blei tatt til orientering. Deretter ligg saka bratt heilt til 2011, der vedtaket seier at ein må følgje med og sikre eit riktig forhold mellom vitskaplege og admininstrativt tilsette, fortalde Ebbing.

Han viser til ein rapport frå NIFU-STEP som kom i 1995, og som peikar mot ei aukande byråkratisering.

– Det er særleg eksterne vilkår som fører til desse endringane. Det har vore ei marknadsorientering når det gjeld studium, men særleg når det gjeld eksternfinansiert forsking. Det skjer og ei slags byråkratisering av dei vitskapleg tilsette sjølv, ved at pengar skal skaffast via søknadar, seier Ebbing.

187 prosents auke
Tala som samanliknar organiseringa av dei tilsette ved UiB i 1988 samanlikna med 2003, viser og at det har vore ei kraftig auke i talet på tilsette i sentral- og fakultetsadministrasjonen: 360 årsverk i 2003, mot 125,5 i 1988. Det er ei auke på 187 prosent på 15 år, mens talet på årsverk totalt på UiB berre har auka med 71 prosent på same tid.

Vitskaplege aukar meir
Men talet på årsverk i instituttadministrasjonane viser ei mykje lågare auke, og tilsaman har både vitskapleg tilsette (+111 %) og studentar (+96 %) auka meir enn dei samla administrative årsverka (+85 %). Dermed er det lettare å lese tala til Ebbing slik at det har blitt fleire byråkratar i sentral- og fakultetsadministrasjonen, mens auken har vore langt lågare enn snittet på instituttnivå. Der er dermed vanskeleg å få auge på den store byråkratiseringa her.

Undersøkast nærare
Universitetsstyret hadde ei sak om byråkratiet oppe i sitt siste møte. Dei ferske tala frå denne styresaka viser at det har blitt 80 fleire administrativt tilsette frå 2008 til i dag, mens det på same tid har blitt rundt 90 færre vitskapleg tilsette.

Byråkrati gir uttelling
Dei frammøtte på seminaret kom både frå administrasjon og vitskaplege stillingar, og uttrykte at det er fleire aspekt ved utviklinga ein bør sjå nærare på.

Konsekvensane av langt meir ekstern finansiering var i fokus, samt tellekantar og bruk av ressursar til reine kontrollfunksjonar.

– Vi ser og at universitet som blir rangert på topp når det gjeld byråkrati, og ligg på topp når det gjeld rangering. Eit døme på dette er Århus universitet, fortalde Tor Halvorsen frå Forum for vitenskap og demokrati. Halvorsen er òg førsteamanuensis på Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap.

Powered by Labrador CMS