Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Medan undervisninga og eleven er det viktigaste for læraren står prestasjonskravet høgast hjå rektorane, viser UiB-forsking.
Forståinga av tilpassa opplæring er ulik etter kven du spør i skuleverket. Det syner fersk forsking frå Institutt for pedagogikk, UiB. – Skuleleiinga er nytteorienterte og opptekne av kva som gir best mogleg resultat med minst mogleg ressursinnsats. Lærarane er mest opptekne av elevens trivsel, interesser, mestring og å opprette gode relasjonar når dei snakkar om tilpassa opplæring, seier stipendiat Eirik S. Jenssen ved Institutt for pedagogikk. Store ambisjonar Dei politiske dokumenta viste store ambisjonar i høve sosial utjamning, handtering av mangfald og auka læringsutbytte, men desse punkta kjem ikkje gjennom på alle nivå, ifylgje Jenssen. – Alle ledda er i utganspunktet opptekne av sosial utjamning og auka læringsutbytte, men det er synet på korleis ein skal gå fram for å oppnå dette i praksis som skapar spenningar mellom gruppene, forklarar han. Frustrerte lærarar Lærarane Jenssen har intervjua uttrykkjer stor frustrasjon over skuleleiinga si haldning. Det vert heldt tallause møter i skulen om tilrettelagt opplæring mellom leiinga og lærarane, men grunna skilnaden i oppfatninga av korleis tilrettelegginga skal implementerast kjem dei aldri vidare med problemstillinga. – Frustrasjonen eskalerer når lærarane attpåtil ikkje har tid i arbeidsdagen til å planlegge den tilpassa opplæringa. Slik det er no må lærarane fleira stader bruke kveldane på dette, seier Jenssen. Artikkelen held fram under biletet. (Foto: Colourbox) Felles forståing Handteringa av tilpassa opplæring i skulen synest å krevje meir enn tilrettelagt struktur og byråkratiske arbeidsmåtar dersom skulen skal framstå med felles strategi. Dei treng meir enn møter – Lærarar og skuleleiing må få større felles forståing av tilpassa opplæring og korleis den skal utførast, og dei må sette ord på grunnane for de ulike handlingsvala, seier Jenssen. Balansere – Aktørane i skulen må balansere disse handlingane slik at dei gir best resultat, seier Eirik S. Jenssen.
Som del av sitt doktorgradsarbeide analyserte Jenssen politiske dokument om strategiar for tilrettelagt opplæring frå 1975 til 2009. Han har også gjort kvalitative intervju med lærarar og rektorar.
Skuleleiinga tenkjer tilrettelegging som organisering av ulike slag medan lærarane meir tydeleg ser den enkelte eleven og deira individuelle behov som dei meiner ikkje alltid stemmer overeins med organisatoriske strukturar.
Koplinga mellom lærar og skuleleiar må skje på ein anna måte, meiner Jenssen. Spenninga mellom lærarane og leiinga vert ofte takla ved at desse to nivåa styrar med sitt utan for mykje innblanding. Skuleleiarane administrerer og legg planar og lærarane undervisar.
Skulen er ein stad med ulike typar relasjonar som krev ulike typar handlingar. Møtet mellom menneske krev at ein er meningssøkande, seier Jenssen. Samstundes høyrer skulen til i eit politisk, økonomisk og administrativt område, som krev at ein er resultatorientert.