Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ein student frå Bergen på vitjing i Trondheim blei funnen omkomen i Nidelva i helga.
Studenten var saman med vener då han kom bort frå dei andre i 0100-tida natt til laurdag.
Laurdag ettermiddag klokka 1715 melde venene han sakna, og politiet sette i gang søk, skriv adressa.no.
Det blei sett i gang leiting etter mannen, og klokka 0340 natt til søndag blei han funnen i elva av mannskap frå Raude krossen.
Mannen blei raskt identifisert ved hjelp av identitetspapir han hadde på seg. Han kjem opprinneleg frå Austlandet, men studerte ved ein studiestad i Bergen. Mandag morgon kjende verken Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, NHH eller BI i Bergen til at ein av deira studentar var omkomen.
Den omkomne blir obdusert mandag.
Det har vore ei rekke drukningsulukker i Nidelva, som renn gjennom Trondheim sentrum. I august 2017 drukna ein 21 år gamal BI-student frå Stavanger, som òg var på vitjing i byen.
Søndag blei ein 65 år gamal mann funnen omkomen i elva, ved Bakke bru. Politiet trur ikkje dødsfallet har nokon samanheng med den andre saka.