Undersøkjer arbeidsmiljøet

Publisert

Arbeidstilsynet utfører tilsyn ved Universitetet i Bergen i oktober. Dei organisatoriske og psykososiale arbeidsmiljøforholda skal kartleggjast.

Tilsynet ved UiB er ein del av den nasjonale satsinga ”Arbeid for helse”. Universiteta er blant dei verksemdene som no vert undersøkte med tanke på organisatoriske og psykososiale arbeidsmiljøforhold ifølge dokumentet som varslar om tilsyn.

Arbeidstilsynet er mellom anna interesserte i korleis UiB handterer HMS-arbeidet, plikta til å legge til rette for varsling, krav til tilretteleggjing, medverknad og utvikling og krav til det psykososiale arbeidsmiljøet.

Det skal utførast tilsyn ved Institutt for indremedisin og Institutt for kirurgiske fag ved Det medisinsk-odontologiske fakultet og ved Institutt for administrasjonsvitskap og Sosiologisk institutt ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.

Tilsynet går føre seg i form av samtaler med mellomleiarar og ei gruppe tilsette ved dei utvalde institutta. Det lokale verneombodet eller hovudverneombodet skal i samarbeid med lokale mellomleiarar velje ut representantane for dei tilsette.

Powered by Labrador CMS