Unge UiO-forskarar får EU-millionar

Publisert

UiO stakk av med fire av dei fem startstipenda som Det europeiske forskingsrådet (ERC) har delt ut til lovande forskarar i Noreg. Dei får 11 millionar kroner kvar. Alle dei fem forskarstipenda går til menn.

Det er psykologiprofessor Anders Fjell, matematikkprofessor Snorre Harald Christiansen, økonomiprofessor Bård Harstad og forskar Hugo Lundhaug ved Det teologiske fakultetet som er dei fire frå Universitetet i Oslo som no kan setja 11 millionar kroner kvar inn på forskingskontoen sin. Den einaste som bryt UiO-dominansen, er kjemiprofessor Kenneth Ruud frå Universitetet i Tromsø.

Desse fem forskarane er dermed plukka ut av Det europeiske forskingsrådet som spesielt lovande, unge forskarar. Difor får dei slike ”Starting Grants”. Pengane skal mellom anna setja dei i stand til å etablera eigne forskargrupper, og gi dei ein snøggstart som forskingsleiarar.  

Powered by Labrador CMS