Unifob satsar på arbeidsmiljø

Publisert

Når Unifob AS no har valt sitt første hovudverneombod, er det naturleg nok mykje å ta fatt på. I første omgang gjeld det å finne ut kven ein eigentleg har ansvar for.

Hilde Sølvberg er personalkonsulent ved Avdeling for beregningsvitenskap, og vart vald til hovudverneombod i Unifob AS i midten av februar. Unifob hadde ved inngangen til mars i overkant av 500 tilsette, men har ikkje hatt eit hovudverneombod tidlegare. Det gav Sølvberg ein spennande start på oppgåva. I ein organisasjon utan overordna rutinar for HMS-arbeid, fekk ho bruk for utdanninga i organisasjonsutvikling.

– Det første eg tenkte, var ”kva gjer eg no?”. Så kontakta eg hovudverneombodet og HMS-avdelinga ved UiB, for å få informasjon om oppgåver, kva situasjonar ein kan kome opp i, og kva forventingar eg kunne vente at Unifob har til eit hovudverneombod.

Samordningsavtale med UiB

HMS-arbeidet ved Unifob er knytt opp mot UiB gjennom ein samordningsavtale. Avtalen regulerer mellom anna kjøp av HMS-tenester frå UiB si HMS-avdeling. Dessutan omhandlar avtalen Unifob-tilsette som har arbeidsplassen sin på UiB sine område. Her finst det minimumskrav til lokalt, systematisk HMS-arbeid. Utover dette er arbeidet mykje avhengig av verneombodet personleg.

– Eg tok til å kartleggje alle avdelingane i Unifob, kven som var verneombod på dei ulike avdelingane, og kven av våre tilsette som sit i UiB-område. Det er viktig for meg ha god kontakt med verneomboda, og vi legg opp til månadlege møte der ein kan utveksle erfaringar, fortelje om situasjonar som har oppstått og liknande. Mi oppgåve er å leggje til rette for at verneomboda kan utføre jobben sin så godt som råd. Å vere verneombod er ofte ein nokså diffus og usynleg jobb, sjølv om mange av dei gjer svært mykje, meiner ho.


Bør involvere tilsette

Store delar av HMS-arbeid handlar om informasjon og om å gjere dei tilsette medvitne på arbeidsmiljøet.

– Folk har lett for å tenkje luft og lys når dei høyrer om HMS, men feltet er mykje meir omfattande enn det. Verneomboda i ein stor organisasjon som dette, har eit ansvar for vektleggje den einskilde sitt medansvar for eit godt arbeidsmiljø, seier Sølvberg, og brukar Unifob-avdelinga Bjerknessenteret som døme:

– Før påske var eg invitert på Bjerknessenteret sin HMS-dag. Det var ei fantastisk oppleving. Alle var aktive, dei hadde gruppearbeid, og føreåt hadde dei kartlagt kva dei tilsette tenkte om arbeidsmiljøet og korleis det kunne bli betre. HMS-arbeid skal jo vere kjekt og engasjerande, og eg trur dei tilsette set pris på å bli involvert.


Ulike organisasjonar

Nettopp kartlegging er ei anna hovudoppgåve for verneomboda. Unifob har kring 20 verneombod, og nesten dobbelt så mange av UiB sine verneombod er i kontakt med Unifob-tilsette.

– Slikt må vi ha oversyn over, for alle ulukker og nesten-ulukker skal rapporterast til hovudverneombodet slik at ein kan få ordna opp i situasjonen og førebyggje liknande situasjonar ved å informere dei andre avdelingane. Problemet er at mange ikkje heilt veit korleis organisasjonsstrukturen og ansvarslinjene går. Spesielt er det viktig å kartlegge Unifob-tilsette som held til på UiB sine område. Kvar kjenner dei si største tilknyting? Det er viktig at folk i same område får same oppfølging. Det er saman med kollegaene dine at du arbeider og skal trivast. For å få til eit godt arbeidsmiljø, ligg det i korta at våre forskingsdirektørar og UiB sine institutt- og fakultetsleiingar snakkar saman. Ein annan faktor, er at mange Unifob-tilsette er utlendingar. Fleire stader er arbeidsspråket engelsk. Ei slik samansetting krev også spesiell oppfølging.

Det ferske hovudverneombodet meiner at eit godt samarbeid med UiB-organisasjonen har svært mykje å seie.

– Det er to ulike organisasjonar, som utfyller kvarandre. Unifob baserer verksemda si på eksternfinansierte prosjekt, noko som kanskje kan gje ein litt meir utrygg arbeidssituasjon. Då er det enno viktigare med eit trygt og godt arbeidsmiljø. Samstundes er Unifob avhengig av UiB, og vi må ha eit velfungerande samarbeid.

Ved årsskiftet oppretta Unifob eit arbeidsmiljøutval (AMU). AMU har som oppgåve å sette hovedretningsliner for Unifob si satsing innan HMS-arbeid. Hovedverneombudet er arbeidstakarane sin representant i AMU, og i mars opprettet utvalet eit arbeidsutval som skal førebu og legge fram saker for AMU. Døme på tema er om Unifob skal inngå ein samarbeidsavtale om eit inkluderande arbeidsliv (IA), oppfølgjing av sjukemelde i Unifob, konflikthandtering og det fysiske arbeidsmiljøet.

Powered by Labrador CMS