Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I dag er ikkje universiteta og høgskulane gode nok til å fylgja opp selskapa dei eig. Det kan riksrevisor Per Kristian Foss slå fast etter at Riksrevisjonen har kontrollert forvaltinga av statlege selskap for 2013.
I dag er ikkje universiteta og høgskulane gode nok til å fylgja opp selskapa dei eig. Det kan riksrevisor Per Kristian Foss slå fast etter at Riksrevisjonen har kontrollert forvaltinga av statlege selskap for 2013.
– Må ikkje bli subsidierte i strid med regelverket
Generelt peikar derimot Riksrevisjonen på at styringa og forvaltinga av selskapa kan bli betre. Eigarinstitusjonane må også bli flinkare til å styrkja oppfylginga av selskapa.
– Det gjeld særleg at selskapa oppnår dei tilsikta resultata og at selskapa ikkje blir subsidierte i strid med regelverket, sa riksrevisor Per Kristian Foss på ein pressekonferanse tidlegare i dag. Då viste han fram eit døme på eit selskap eigd av Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) som han meinte det ikkje kunne forsvarast fagleg å vera eigar av.
– Kvifor er NMBU eigar av Sem Gjestegård AS? Deira faglege oppgåve er ikkje å driva ein konferansestad. Jorda er for lengst seld, peika Per Kristian Foss på.
For lite merksame på ulike roller
I rapporten frå Riksrevisjonen blir det også vist til at det er for lite medvit om dei ulike rollene til eigarinstitusjonen. Undersøkinga viser at berre to av selskapa har styremedlemar som ikkje er tilsette ved eigarinstitusjonen. I åtte av selskapa er ein av styremedlemane også med i universitetsleiinga. Riksrevisjonen understrekar at når same person er både styremedlem i eit selskap og del av leiinga hos eigarinstitusjonen til det same selskapet, «er det svært viktig å være bevisst på hvilken rolle en har, for at det ikke skal bli utydelighet i beslutningsprosessen.» Det blir trekt fram at to av eigarinstitusjonane ynskjer å skilja formelt mellom selskapa si faglege/strategiske oppfylging og kontroll av selskapa. Riksrevisjonen vurderer det slik at eigarinstitusjonane, det vil seia universiteta og høgskulane, i større grad må klargjera rollene for å sikra at vegen fram til avgjerder blir tatt, er ryddig.
Ynskjer betre oppfylging frå Kunnskapsdepartementet
Universiteta og høgskulane må betra oppfylginga av selskapa sine mål, resultat og økonomi, tilrår Riksrevisjonen. Og dessutan må Kunnskapsdepartementet i større grad fylgja opp eigarinstitusjonane si rapportering av selskapa sine mål og resultat.
– Kunnskapsdepartementet viser til stortingsvedtak i samband med Kvalitetsreforma, der målet var å gi endå større autonomi og ansvar til universiteta og høgskulane. Dei har difor fått stor fridom i faglege, økonomiske og organisatoriske spørsmål. Men det vil ikkje seia det same som at Kunnskapsdepartementet ikkje skal fylgja opp korleis dei brukar pengane dei har fått løyvde frå Stortinget, understreka riksrevisor Foss.
Opne pasientjournalar
Kritikken av universiteta og høgskulane for å driva for dårleg oppfylging av mellom anna dei tilsikta måla med selskapa sine, blir for ein liten bris å rekna, samanlikna med den stormen av kritikk som Riksrevisjonen kjem med mot helseføretaka. Dei tilsette har tilgang til pasientjournalar utan at dei har behov for det, og kontrollen av tilgangar til elektronisk pasientjournal er mangelfull.
– Om du går til legen fordi du har brote ein arm, kan legen også få opplysningar om at du tidlegare har vore innlagt på grunn av alkoholproblem eller ei psykisk liding, sa Foss.
– Få beredskapsøvingar for IKT, vatn og straum
Riksrevisjonen krev no ei rask opprydding i den saka.
– Tilgang til helseopplysningar er underlagt streng lovregulering. Helse- og omsorgsdepartementet må syta for at føretaka fylgjer reglane, formana riksrevisoren.
Helseføretaka fekk også skjenn for dei mangelfulle risiko- og veikskapsanalysane og beredskapsplanane sine. Det blir gjennomført få beredskapsøvingar for IKT, vatn og straum.
– Tenk berre på eit terroråtak på desse områda. Det er ikkje utenkjeleg. Då skal me vera glade for at me ikkje er pasientar, var det skremmande biletet riksrevisor Per Kristian Foss teikna opp.