– Universitetet må ut av isolasjonen

Publisert

Forskarane har eit stort ansvar i verda i dag, meiner Julia Kristeva, som denne veka kjem til Bergen. Fredag 3. desember mottar ho Holbergprisen. Dagen før blir det ope seminar og debatt ved UiB.

– Universitetsmiljøa legg veldig ofte ansvaret for marginaliseringa av dei intellektuelle på media eller politikken. Det er rett, men samstundes ligg det eit stort ansvar på forskarane og dei intellektuelle sjølve. Vi må klare å omsetje utan å redusere eller kompromittere.

Det seier professor Julia Kristeva i eit intervju med Hubro, UiBs magasin, som kjem ut 14. desember.

I intervjuet argumenterer ho for at dei intellektuelle, forskarane og forfattarane har eit særskilt ansvar, i det ho karakteriserer som ”ei mørk verd”. Universiteta kan spele ei nøkkelrolle, på eitt vilkår:

Må opnast for fleire

– Dei må ut av isolasjonen.

Kristeva trur den aukande spesialiseringa i forsking og vitskap kan gjere det vanskelegare nå ut. Men det gjer ikkje ansvaret mindre.

– Dei som ikkje klarer desse omsetjingane, trur eg er menneske som har valt å verne seg gjennom skrivinga og teoriane. Dei lagar seg ei boble som dei kan overleve i, og er ikkje i stand til å opne seg for andre, seier ho til Hubro.

Det må opnast opp for fleire og leggast til rette for nye grupper med andre føresetnader og bakgrunn enn dei tradisjonelle studentane, i følgje Kristeva. Ho meiner den aukande marknadstenkinga og kommersialiseringa som i dag pregar universiteta i denne samanhengen kan vere eit gode:

– Problemet er ressursar til støtte og stipend. Vi må ha eit offentleg utdanningssystem som garanterer like vilkår for alle unge, men samstundes må vi få inn privat kapital der staten ikkje strekker til. Vi må vere pragmatiske.


Fri forsking

Samstundes understrekar ho at den pragmatiske haldninga ikkje må sperre for fri forsking som ikkje har eit reint nytteformål:

– Vi må ikkje få ein situasjon der vi produserer bokførarar for næringslivet, seier ho.

Julia Kristeva er ein av dei mest framståande intellektuelle og mest ettertrakta forelesarane i verda i dag. Torsdag 2. desember snakkar ho ved UiB der tema er ”Thinking Freedom in Times of Distress”, med påfølgjande tverrfagleg paneldebatt. Fredag 3. desember skal Kristeva tildelast Holbergprisen av Kronprins Haakon i ein seremoni i Håkonshallen.

Powered by Labrador CMS