Det er eit klart fleirtal for vald rektor blant kandidatane til universitetsstyret. Foto: Ida Bergstrøm

Dette meiner kandidatane om vald rektor

Publisert
Universitetsstyreval:

Av 21 kandidatar til universitetsstyret er fire for tilsett rektor.

Valet til universitetstyret på UiB starta måndag denne veka, og varer til fredag kl. 1200. Fire nye medlemmar frå dei UiB-tilsette skal veljast. Tre av dei skal sitta i styret for fire nye år.

Eit viktig spørsmål som har prega sektoren dei siste åra er om ein skal ha vald eller tilsett rektor. Kunnskapsdepartementet vedtok i fjor at tilsett rektor skal vera normalmodellen i sektoren.

Universitetsstyret stemte over leiingsmodell på UiB i juni i fjor, og vedtok med knappast mogleg fleirtal å halda fram med ordninga med vald rektor.

Det er naturleg at saka vil koma opp på nytt i forkant av neste valperiode. På Høyden har spurt dei 21 kandidatane som stiller til val om kva dei ville ha stemt dersom dei sat i styret, og spørsmålet blei tatt opp på nytt. 

13 kandidatar svarar at dei i dag ville ha stemt for vald rektor. Fire seier dei ville stemt for tilsett rektor, og fir er ikkje sikre på kva dei ville ha gått for.

For vald rektor:                                                           

Jørgen Melve - Seniorkonsulent/Hovudtillitsvald NTL UiB
Toril Ivarsøy - Rådgjevar, HF
Christian Aadland Matre - Overingeniør, IT-avdelingen
Per Einar Binder - Professor, Institutt for klinisk psykologi
Inga Berre - Professor, Institutt for matematik
Jorunn Skei - Administrasjonssjef, Klinisk institutt 1
Synnøve Fluge - Stipendiat, Institutt for sosiologi
Randi Heimvik - Seniorkonsulent/ hovudtillitsvald Parat UiB
Alf Erling Risa - Professor,  Institutt for økonomi
Jan Magnus Bjordal - Professor, Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Pål Antonsen - Postdoktor, Institutt for filosofi
Hege Aarethun - Seniorkonsulent, studieseksjonen - SV-fakultetet
Hala Sdik Saed - Avdelingsingeniør, Institutt for biomedisin

For tilsett rektor:

Erik Hanson - Postdoktor, Institutt for matematik
Frode Randal - Seksjonssjef ved studieseksjonen ved Det psykologiske fakultet. 
Martin M. Greve - Postdoktor, Institutt for fysikk og teknologi
Kristin Kalvik - Leiar, studieseksjonen - Institutt for biologi

Har ikkje tatt standpunkt:

Kjersti Fløttum - Professor, Institutt for framandspråk
Petter Bjørstad - Professor, Institutt for informatikk
Tor Eldevik - Professor, Geofysisk institutt
Nina Langeland - Dekan, Det medisinsk-odontologiske fakultet

Risa: – Betre for autonomien til universitetet

Fleirtalet av kandidatane går altså inn for vald rektor. 

Studentane Katja Løvik og Vegard Fosso Smievoll er allereide valde inn som studentrepresentantar for det komande året. Dei seier begge til På Høyden at det per no ville ha stemt for vald rektor. 

Professor Alf Erling Risa meiner det tener universitetet best å halda fram med dagens ordning, med vald rektor. 

– Eg er tilhengar av vald rektor. Ikkje fordi det er ein betre rekrutteringsmåte enn tilsett, men fordi autonomien til universitetet blir betre på den måten. Eg synest at det er mange gode argument for at vi som demokratar skal la Stortinget avgjere. Men sidan akademiske institusjonar er annleis enn andre underliggande etatar, så trur eg vi har noko særskilt å bidra med.

– Eg er for for ein demokratisk valprosess, og difor er eg for ein vald rektor, seier Randi Heimvik. 

Jørgen Melve ønskjer og å forsvare demokratiet på universitetet med framleis vald rektor. 

– Universitetsdemokrati ei kampsak

På Mat.-nat. og MOF har det generelt vore meir støtte for tilsett rektor. Dei har også ordninga med tilsett dekan i dag. 

Postdoktor ved Institutt for matematik, Erik Hanson, meiner tilsett rektor er ei god løysing, og at det ikkje går på kompromiss med universitetsdemokratiet. 

– For meg er eit velfungerande universitetsdemokrati ei viktig kampsak. Samstundes trur eg ikkje direkte val på rektor, eller andre leiarar er den viktigaste føresetnaden for eit godt demokrati. Andre viktige faktorar er transparente avgjerdsprosessar, ei velfungerande universitetspresse, god informasjonsflyt og demokratisk valde styre med god legitimitet. Forutsett at universitetsstyrevalet og andre val til styre og råd får god oppslutnad vil eg stemma for tilsett rektor. 

Dei usikre

Men fire av kandidatane, alle professorar, seier dei er usikre på kva styringsmodell dei ville ha gått for, trass i at dette har vore eit stridsspørsmål på universitetet i ei årrekke. 

– Her må eg nesten oppleva korleis UiB sitt styre verkar i praksis. Men eg vil forventa ei styresak som er godt førebudd – og i god tid – når styringsforma igjen skal til behandling i komande periode, seier Tor Eldevik, som understrekar at han er for at UiB sine representantar skal ha fleirtal i styret. 

– Eg kan leva med begge modellar, og avventar kva for forslag rektor måtte legga fram, seier Nina Langeland til På Høyden.  

Sittande universitetstyremedlem Kjersti Fløttum røysta for vald rektor ved førre stemmegjeving. Ho gjev ikkje noko klart svar på kva ho eventuelt ville ha gått for om saka hadde kome på bordet att på nytt. 

– Når spørsmålet om styringsform eventuelt kjem på dagsorden igjen, vil eg vurdera den aktuelle situasjonen og lytta til dei ulike synspunkt som måtte bli lagt fram, seier Fløttum, og legg til:

– Då Kunnskapsdepartementet sitt forslag til endringar av universitets- og høgskulelovens bestemmelser om styring og leiing var ute på høyring i 2015, støtta eg vedtaket om at det ikkje burde fastsettast éin hovudmodell for styring- og leiing, men at dei to modellane (vald og tilsett rektor) burde vore likestilte. 

Professor Petter Bjørstad vil heller ikkje konkludere i saka: 

– Begge ordningane har styrker og svakheiter, det blir difor galt å stille spørsmålet som “ja/nei” utan ytterlegare diskusjon. Spørsmålet kan òg ha konsekvensar for tilsett/vald leiar på neste nivå.  Uansett framgangsmåte bør det investerast meir i prosessen som sikrer at ein får fram eit mindre tal framifrå kandidatar. 

Kan røyste om heilt til fredag

Det sit også fire eksterne representantar i styret, som blir oppnemde av Kunnskapsdepartementet. Representantane for neste periode er ikkje valde endå, og kva syn dei måtte ha på saka er dermed uvisst. 

Valet vert avslutta fredag 12. mai klokka 12.00. Du kan stemma på nytt fram til valet vert avslutta. Den førre stemma vil då bli sletta. 

Powered by Labrador CMS