Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Berre éin kandidat står att når UiB skal få ny direktør.
Universitetsstyret skal tilsetje ny direktør i morgon, men tilsettingsprosessen har etter det På Høyden forstår endt opp med eitt namn: Kjell Bernstrøm.
Open og involverande
Bernstrøm har vore økonomidirektør ved Universitetet i Bergen sia 2008, og blei konstituert som direktør då Kari Tove Elvbakken trekte seg frå stillinga 28. januar i år. Kritikken mot leiarstilen til Elvbakken spegla seg presist i uttalen Bernstrøm kom med då han presenterte seg som konstituert direktør:
– Min leiarstil er å involvere fagavdelingane og bruke den kompetansen som finst. Eg vil vere lite detaljorientert. Eg er veldig opptatt av at vi skal ha ein open dialog om dei sakene som kjem, og få det fram dersom det er nyanseforskjellar mellom kva universitetsdirektøren og fagavdelingane meiner, sa Bernstrøm til eit utval UiB-leiarar.
Frå tre til éin
Det er rektor Dag Rune Olsen som innstiller universitetsdirektøren til styret. Han har hatt med seg styremedlemmene Kjersti Fløttum og Johan Fredrik Odfjell i eit tilsetjingsutval, mens styret altså har den endelege avgjerda.
I styremøtet 30. oktober orienterte Olsen om tilsettingsprosessen. Han fortalde då at tre kandidatar var særleg aktuelle for stillinga, og at det var éin kandidat frå den offentlege søkarlista, og to kandidatar som var i samtale med rekrutteringsfirmaet UiB bruker til slike jobbar. Han sa og at Bernstrøm hadde vore i kontakt med rekrutteringsfirmaet, og gjennomgått testar.
Kjenner jobben
No stadfestar Olsen at det berre er kandidatane frå den offentlege søkarlista som framleis er med i prosessen.
– Det er ingen andre som vil bli foreslått i styremøtet, seier Olsen til På Høyden.
Dei to kandidatane som ikkje sto på den offentlege søkarlista er ute, og dermed står Bernstrøm att som den mest aktuelle. Han har inngåande kjennskap til UiB, og blir av fleire framheva som ein dyktig og pragmatisk leiar. At han har vore konstituert i jobben i nær eitt år er òg vanlegvis ein fordel.
Bernstrøm (biletet) er 63 år, og universitetsdirektørstillinga er eit åremål i seks år.
– Veldig god
Men det har altså vore fleire med i konkurransen om jobben.
– Vi har vore i samtale med fleire, både i kortare og lengre tid. Det har vore ein tidkrevjande prosess, mest fordi vi er opptekne alle saman, seier rektor Dag Rune Olsen.
– Får UiB den beste universitetsdirektøren vi kan få?
– Det skal mykje til for å utelukke at det finst andre menneske i denne verda som kunne vore betre. Vi har ikkje søkt blant alle menneske i verda. Men eg er sikker på at vi får ein veldig god universitetsdirektør, seier Olsen.