Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Trass i at det er store etiske problemstillingar knytt til å etablere eit universitetsfengsel vil det også bidra til at fengselet blir opnare, meiner forskar.
Ideén om universitetsfengsel i Bergen fengsel har fått sterk kritikk frå enkelte hald, men òg støtte. Torsdag denne veka held Norsk fengsels- og friomsorgs forbund konferanse om det planlagde universitetsfengselet. Konferansen som blir halden i Bystyresalen i Motorhallen i Solheimsviken har tittelen ”Universitetsfengsel – en god idé på alle måter”. – Eg trur at meir omfattande forsking kan avdekke ein del uheldige tilhøve i norske fengsel, men dette er ikkje noko nytt. Kriminologane har sagt dette lenge, seier Ravneberg. Ho meiner at ideen om universitetsfengsel er god, men at det er mange etiske dilemma som bør diskuterast i forkant. – Institusjonsperspektivet er kjempeviktig. Ein bør til dømes sjå på korleis tenestene i fengselet fungerer for fangane – og det er heilt essensielt å møte fangane som subjekt. Korleis blir dei til dømes handsama av dei tilsette, blir dei tvunge til å vere med på program og går dette ut over skulegong? – Kva meiner du er dei mest openbert farlege sidene ved eit universitetsfengsel?
Forskar Bodil Ravneberg frå Rokkansenteret skal halde innlegg på konferansen. Ho meiner eit universitetsfengsel vil kunne bidra til mindre vilkårleg fangebehandling og eit meir gjennomsiktig fengsel. I perioden 2000 til 2003 intervjua ho fangar som tok skulegong i Oslo og Bergen fengsel. I tillegg intervjua ho tilsette i fengsla. Fokus for forskinga var evaluering av undervisning og opplæring i det moderne fengselet. Under arbeidet sitt fann Ravneberg mange problemområde som bør belysast av forskarar.
Kan avdekke uheldige tilhøve
– Eg synest absolutt at det er trong for meir systematisk forsking i fengselet og det å knytte fengselsforskinga til universitetet ser eg som ei føremon. Ein treng heilskapleg forsking for å finne fram til gode opplegg som kan betre fangeomsorga. Det er bra å setje fokus på at handsaming av fangar ikkje skal vere vilkårleg. Men for å få det til må ein ikkje berre sjå på resultat frå ulike program, men og studere fengselet som organisasjon og samfunnet rundt.
Ifølgje Ravneberg er det største problemet med planane for universitetsfengsel er at initiativtakarane ser ut til å ønskje eit smalt forskingsfokus. Dette legg mest vekt på å dokumentere verknadane av programma, såkalla evidensbasert røynsle etter modell av evidensbasert medisin. Fengselsforskaren meiner dette er altfor snevert – og at ein må tenke langt breiare.
Uklåre målsetjingar
Eit anna område som det ifølgje Ravneberg trengs å forskast på er dei uklare målsetjingane i strategien for handsaming av fangar.
– Då eg forska i fengselet fann eg at dei har så mange motstridande mål. På same tid er det ei målsetjing om å integrere, om sosial læring, om behandling, men ikkje minst er fengsla framleis bots- og bedringsinsitusjonar. Den sterkeste er fremdeles denne målsetjinga om bot og bedring. Her er det viktig at ein på førehand diskuterer kva målsetjing forskinga skal tene?
– Fengselet baserer seg framleis mykje på progresjonssoning. Dette pisk og gulrotsystemet fungerer ofte som eit slag stigespel. Du kan komme høgt, men så må rykke tilbake til start om du gjer ein feil. Dette kan gjerne vere ein feil som nokon andre har gjort som du blir involvert i. Det ligg element av tvang i eit slikt. Det er lett at fangane kjem inn i negative spiralar - og ein må i større grad gå inn og bestemme kva hensikt noko skal ha. Til dømes er eg kritisk til tvungen deltaking i program, slik det er i ein del fengsel.
Fangar ei samansett gruppe
– Det er utan tvil problemet som ein del allereie har peika på; nemleg at det er vanskeleg å vite om dei innsette deltek heilt friviljug, eller om det er eit element av tvang med. Eit anna spørsmål er korleis dataa skal oppbevarast. Det må kun vere forskarane som skal ha innsyn i dette. Å jobbe i eit universitetsfengsel vil skape mange nye utfordringar for betentane – og det vil og gjere kvardagen meir byråkratisk når ”alt” skal dokumenterast.
– Men vi må ikkje tenke om dei innsette som ei homogen gruppe. For på ei anna side kan ein også ha fangar som er svært interesserte. Vi må tilstrebe den type friviljugheit, men vi må ha det for auge at fangane er der under tvang. Uansett er det absolutt naudsynt at universitetsfengsel må vere ope for all type forsking.