Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Noverande direktør Henrik von Achen ønsker å halda fram i stillinga.
Søndag gjekk fristen ut for å søka på stillinga som direktør ved Universitetsmuseet. Stillinga er ei åremålsstilling, og er no lyst ut for fire nye år.
Henrik von Achen har sete i stillinga sidan 1. mars 2012, først som konstituert direktør, før han blei tilsett som direktør 1. januar 2013.
Han er ikkje klar for å gje stafettpinnen vidare til nokon andre.
– Det er ein del ting som eg synast eg bør gjera ferdig og få avslutta. Er det noko institusjonen ikkje har bruk for no, er det diskontinuitet, med mindre det er heilt nødvendig, seier Von Achen.
Han siktar til renoveringsprosjektet museet er midt oppe i. Eit prosjekt som byr på utfordringar.
– Det er krevjande, både økonomisk og praktisk. No må me mellom anna få orden på magasinsituasjonen, slik at alle samlingane blir oppbevarte under optimale og gode forhold.
Vil gjera museet til ein møtestad
Von Achen vil også jobba for at museumsbygget blir ein sosial arena.
– Me må prøva la bygget bli ein stad kor universitet møter omverda. At det ikkje berre blir ein stad for læring og oppleving, men ein plass kor folk kan treffast.
Von Acher tok magistergraden i kunsthistorie ved Aarhus universitet 1982 og blei dr. art. ved Universitetet i Bergen 1987.
Sidan då har han vore tilsett ved Universitetsmuseet, og i 1999 blei han professor.
– Neste år er det 30 år sidan eg blei fast tilsett, så eg føler at eg kjenner museet inn og ut. Og eg må jo trekka fram at eg trivst veldig godt, både på UIB og på museet.
– Kva tenkjer du om at det er få andre søkarar til stillinga?
– Det er vel gjerne slik at om andre aktuelle kandidatar høyrer at eg har søkt, så lar dei vera å søka sjølv, seier Von Acher.
– Eit ikon for Bergen
Ein av dei andre søkarane til jobben er tidlegare avdelingsleiar ved Norsk reiselivsmuseum i Balestrand, Connie Reksten.
Ho har i fleire år arbeida som førsteamamanuensis ved institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved Universitetet i Bergen.
– Museet er eit av dei eldste me har, og er eit ikon for Bergen. Å få lov til å leda denne institusjonen i dei komande, svært krevjande, åra er for meg veldig motiverande. Eg trur det hadde vore veldig gøy, seier Reksten.
Ho er utdanna etnolog og har doktorgrad i kulturvitskap.
– Arbeidserfaring frå universitet og høgskule, samt museumssektoren, er ein riktig føresetnad for stillinga, meiner Reksten.
Den nye åremålsperioden startar i januar 2017.
Søkarlista:
1 Tessa de Freitas (29), jobbsøkar, Oslo.
2 Abraham Temitayo Adewoye (29), research assistance, Gonyeli Kypros.
3 Apostolos Gerontas (38), lecturer History and Philosophy of Science, Hochschule Coburg, Oberfranken.