Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– I New York er det mangel på lokale. Der har pop up-utstillingar blitt ganske vanleg, seier Knut Olav Aslaksen, spesialrådgjevar ved Universitetsmuseet.
Saman med Kari KW Kristoffersen, avdelingssjef ved formidlingsavdelinga ved Universitetsmuseet, har han laga Universitetsmuseet si første pop up-utstilling, altså ei midlertidig utstilling utanfor etablerte museumslokaler.
– I New York er det mangel på lokale. Der har pop up-utstillingar blitt ganske vanleg, seier Knut Olav Aslaksen, spesialrådgjevar ved Universitetsmuseet.
Saman med Kari KW Kristoffersen, avdelingssjef ved formidlingsavdelinga ved Universitetsmuseet, har han laga Universitetsmuseet si første pop up-utstilling, altså ei midlertidig utstilling utanfor etablerte museumslokaler.
I vrimlearealet på kjøpesenteret Lagunen vil ulike gjenstandar frå Universitetsmuseet sine samlingar vere å sjå i løpet av dei komande tre åra.
Kultur og natur
Utstillinga skal vere litt overraskande, er tanken. I dei 12 montrane av glas skal ulike utstilte gjenstander skiftast ut med ujamne mellomrom.
– Vi vil blande kultur og natur, og stille fram objekt både frå dei kulturhistoriske og dei naturhistoriske samlingane. Slik kan vi også vise fram kva Universitetsmuseet er, seier Kari KW Kristoffersen.
Få ølbollar og gaupeskallar rett på mobilen
Utstoppa dyr, blant dei skinnet av ein kvit fjellrev, er stilt ut.
– Små barn synes det er umiddelbart stas å sjå dyr dei kjenner igjen. Større barn vil sjå at dette er eit dyr som har vore levande, som no er dødt, og vil kanskje trenge å få svar på spørsmål kring dette, seier Kari KW Kristoffersen.
Også vaksne kan ynskje å vite meir. Kari KW Kristoffersen har kjent dei igjen, dei museumsvante vaksne som bevegar seg sakte mellom montrane, tek seg tid til å lese teksten om dei mønstra halvvantane frå Hallingdal, hovudskallen frå ei gaupe, ølbollen i tre, den fallosforma fruktbarheitssteinen frå Dønna. Nokre tok seg også tid til å ta opp telefonen og scanne QR-koden som står ved kvar monter, slik at dei kan lese meir om kvar gjenstand.
Denne utstillinga fortel at fjellrevskinn har vore ei viktig handelsvare mellom Norge og Danmark. Foto: Knut Olav Aslaksen
Mens vi ventar på museet
Borgarar og museumstilsette må enno vente ei stund på at Universitetsmuseet skal opne dørene etter den pågåande renoveringa. Lenge var det usikkert når UiB ville få midlar til å pusse opp midtbygget og nordfløyen. Tidlegare i haust kom nyhenda om at museet faktisk vil få pengar over statsbudsjettet i haust. Fram til nyopninga i 2019 vil pop up-utstillinga på Lagunen vere ei av kontaktflatene mellom museet og publikum.
– Merksemdsindustrien er den største industrien i verda. Vi valte Lagunen fordi dette er kjøpesenteret i Bergen som har størst publikumstettheit over tid, seier Knut Olav Aslaksen.
Universitetsmuseet forvaltar over tre millionar gjenstandar. Tanken til dei museumstilsette er at dersom ein stadig blir minna på gleda over å sjå vakre mineraler og bergarter, hårkammar frå middelalderen, utstoppa pigghå og våpen frå vikingtida, vil museet opplevast som nært og ope sjølv om det er stengt.
Gjennom nettutstillingar på um.uib.no kjem nokre av dei fram i lyset. På biletedelingstjeneste Instagram, under hashtaggen #mittmuseum, deler også UiB-tilsette og andre som er glade i museet sine bilete. Her har også Universitetsmuseet sin eigen konto som alle kan følgje. Universitetsmuseet deler også bilete frå samlingane på Facebook. Her vil det også kome tekst og foto av gjenstandane frå pop up-utstillinga.
– Det finst mykje i magasina til Universitetsmuseet som fortener å kome fram og få litt merksemd, seier Kari KW Kristoffersen.
Utstillinga er sett saman av 12 montrar. Dei står lett tilgjengeleg for publikum, og er sikra med overvakingskamera og vektar. Foto: Knut Olav Aslaksen.