Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Universitetsstyret har sesongens siste møte torsdag. På dagsorden står både pengar, strålevern, forsking, aksjar og Christieprisen. Følg sendinga direkte frå klokka 10.
Semesteret og studieåret går mot slutten. Det er tid for å oppsummera. Og oppsummering er noko av det som står på sakskartet når universitetsstyret samlast torsdag. Sakslista er prega av rapportar frå både det eine og det andre, nærare bestemt mellom anna strålevern, HMS, forsking, forskarutdanning – og På Høyden. På Høyden sender sjølvsagt møtet direkte:
Presentasjonar først
Møtet byrjar med at to av fakulteta skal få presentera litt av det dei driv med. I førre møte var det dekanane ved Det humanistiske og Det matematiske-naturvitskapelege fakultetet som hadde innlegg, denne gongen er dekanane frå Det samfunnsvitskapelege og Det medisinsk-odontologiske fakultetet invitert. Det betyr at handsaming av styresakene truleg vil byrja rundt kl 11.30.
Dei første ordinære sakene handlar om kroner og øre. Økonomirapporten for første tertial viser at UiB har 52 millionar kroner meir i inntekter enn i utgifter. Samstundes rapporterer fire av fakulteta; HF, SV, MOF og juss og om planlagde negative overføringar til 2016. Universitetsleiinga skal ha møte med dei fire fakulteta i juni, heiter det i saksframstillinga.
Men UiB hentar òg inn pengar. Som På Høyden har skrive er universitetet best av dei norske utdanningsinstitusjonane når det handlar om å henta heim pengar frå EU sitt store forskingsprogram Horisont 2020. Men styret skal likevel disktuera kva ein kan gjera for å gjera det endå betre.
Møtet vert truleg lukka
Det er allereie kjent kven som skal representera gruppe B og D i universitetsstyret, og det er kjent at Robert Bjerknes vert ny visedekan. Men styret vert orientert om dette. Dei skal òg kalla dei to tyske professorane som er finansiert av toppforsk-midlar, og dei skal diskutera æresdoktorarar og gi fullmakt til å kjøpa aksjar. Men både aksjekjøp, kalling og forslag om æresdoktorar er saker som truleg kjem til å verta handsama bak lukka dører.
Her er heile sakslista:
S 45/15 Godkjenning av innkalling og saksliste
S 46/15 Godkjenning av protokoll fra møte i universitetsstyret 23.04.2015
S 47/15 Regnskap for Universitetet i Bergen første tertial 2015
S 48/15 Økonomirapport per 1. tertial 2015
S 49/15 Om budsjett og budsjettprosess 2016
S 50/15 Universitetssamarbeidet BOTT - samarbeid om administrative systemer
S 51/15 Utdanningsmelding 2014
S 52/15 Forskerutdanningsmeldingene 2014
S 53/15 Forskningsmeldingene 2014
S 54/15 Årsrapport Helse, miljø og sikkerhet 2014
S 55/15 Årsrapport Strålevern ved UiB - 2014
S 56/15 Årsrapport for På Høyden 2014
S 57/15 UiB og Horisont 2020. Erfaringer med EUs forskningsprogrammer og vurderinger av nye tiltak
S 58/15 Oppnevning av medlemmer i Skikkethetsnemnda for perioden 1.8.2015-31.7.2018
S 59/15 Endring i statuttene for Christieprisen
S 60/15 Valg til universitetsstyret - valgprotokoller for B og D
S 61/15 Orientering om utpeking av viserektor for tverrfaglig virksomhet og store satsinger
S 62/15 Fullmakts- og referatsaker
S 63/15 Diverse referater m.v.
S 64/15 Fullmakt til å kjøpe aksjer - Unntatt offentlighet
S 65/15 Æresdoktorer -unntatt offentlighet
S 66/15 Internrevisjon, rapport -Unntatt offentlighet
S 67/15 Tilsetting av professor i medievitenskap ved Institutt for informasjons- og medievitenskap uten forutgående kunngjøring - unntatt offentlighet
S 68/15 Tilsetting av professor i biologisk psykologi ved Universitetet i Bergen uten kunngjøring -unntatt offentlighet
Orienteringer
Eventuelt