Allegaten 34 er eit av bygga UiB-leiinga meiner ein bør selja. Fleire av bygga på lista har låg standard, og det må gjerast mykje for at dei skal verta universelt utforma, heiter det i sakspapira. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand

Skal ein selja Ida Bloms hus?

Publisert

Universitetsstyret skal mellom anna diskutera sal av eigedom, fadderveka, og om universitetsdirektøren har nådd måla sine. På Høyden sendte møtet direkte. Du kan se opptaket her.

Skal UiB selja Ida Bloms hus, nærare bestemt Allegaten 34?

Det er ei av sakene universitetsstyret skal ta stilling til i dag. På sakskartet, som du finn her, står mellom anna saka «Salg av eiendom – salgsfullmakt». Her vert det føreslege å selja både huset der Senter for kvinne- og kjønnsforsking og Senter for vitskapsteori held til, to bygg i Professor Keysers gate, der forskingsadministrativ avdeling held til, og Villaveien 1A, der deler av HF-administrasjonen i dag har kontor. Eigedommane er totalt 3 285 kvadratmeter, og pengane ein får inn dersom ein sel dei, skal brukast til vedlikehald av andre eigedommar.

Framleis pengar til fadderveka?
Universitetsstyret skal òg diskutera fadderveka og semesterstart. UiB ga ei løyving på 575 000 kroner. Forslaget i saka er at dette vert vidareført til neste år. I saksframstillinga heiter det at sjølv om alkoholkonsum framleis får mykje plass i media, får òg UiB sitt arbeid med fadderveka merksemd. Universitetsdirektøren skriv av «innsatsen fra fadderkoordinator, fadderlederne, faddervaktansvarlig og andre involverte, samt styrkingen av samarbeidet med de andre utdanningsinstitusjonene, Politiet, velforeningene og andre aktører, har bidratt til en ytterligere forbedring av fadderuken».

Skal diskutera direktøren
Har universitetsdirektøren nådd måla styret har sett for han? Stillinga som universitetsdirektør er omfatta av statens leiarlønssystem. I det ligg ei leiarlønskontrakt med krav og resultat. Krava for 2015 har styret vedteke, no skal dei koma med mål for neste år og seia kva dei synest om det som er gjort i år.

I tillegg har det vorte gjennomført ei såkalla 360 graders-vurdering av direktøren. Kjell Bernstrøm og tjue andre har svart på spørsmål. I saka heiter det at møtet kjem til å verta lukka når rapporten skal drøftast. Men eit samandrag er offentleg tilgjengeleg. Der heiter det at Bernstrøm skårar noko over middels i forhold til databasen firmaet AFF har. Han får best vurderingar frå overordna, lågast frå dei to gruppene med underordna. Vidare er det best resultat på punkta handlingsorientering og resultatorientering, lågast på endringsorientering og medarbeiderorientering.

Styremøtet startar klokka 10 torsdag. På Høyden sender det direkte her. Den første delen av IT-direktør Tore Burheims presentasjon har falt bort på grunn av lydproblem. Deretter har direktør ved Universitetsbiblioteket, Maria-Carme Torras Calvo, halde ein presentasjon. Det er lunsj fram til ca. 1225:

 

Del 2: 

Del 1: 

Powered by Labrador CMS