Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Dei har vore på ukrainske fjell, forskar på misteltein og er skulerte i handgranatkasting. Gruppe B-kandidatane til universitetsstyret vil endre tilsettingsprosessane, fakke tidstjuvar, opne for fleire utanlandsopphald og kanskje betre Bergensvêret.
Kvart år er det val på nye representantar for gruppe B, altså dei midlertidig tilsette. I dag opnar det elektroniske valet, og den komande veka kan du vere med og bestemme kven som skal styre UiB i den neste perioden - dersom du tilhøyrer gruppe B. Manntalet finn du her.
Kandidat 1: Martin Paulsen, 35 år
Utdanning og stilling: PhD i russisk fra UiB, midlertidig tilsett som førsteamanuensis i russisk ved Institutt for framandspråk.
Fun Fact: Ein del av ukrainskstudiene mine gjekk ut på å bestige toppen av Ukraina sitt høgaste fjell, Hoverla.
– Eg vil bidra til å gjere UiB til eit betre universitet. Universitetsstyret er UiBs høgste organ, der mange av premissa for institusjonens vidare utvikling blir lagt. Etter snart ti år sommidlertidig tilsett i ulike stillingar ved UiB har eg innsett kor viktig det er at universitetsdemokratiet fungerer godt, og eg har gjort meg opp nokre klare meiningar om kva som skal til for å gjøre UiB til et internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet.
– Kva vil du særleg gjere for di gruppe om du blir vald?
– Eg vil jobbe for å styrke gruppe B si stilling i universitetsdemokratiet. De midlertidig tilsette er ei spesielt utsett gruppe ved universitetet, men vi er dårleg representert i universitetsdemokratiets ulike organ. Det er difor ekstra viktig at vi er godt organiserte. Eg vil betre kommunikasjonen mellom gruppe B-representantane på ulike nivå i universitetsdemokratiet gjennom koordineringsmøte i forkant av universitetsstyrets møte, og dessuten jobbe for å gjere dei sakene som angår oss synlege.
Eg vil jobbe for å sikre gruppe B-perspektivet i UiB det nye strategidokumentet. Eg vil også jobbe for betre karriereløp fra PhD-stipendiat til fast stilling ved UiB. Det er ingen stipendiater som ventar at det skal stå ei fast stilling og vente på dei når de er ferdig disputert, men eg meiner at det bør foreligge tydelige planar for utlysingar av UiB-baserte PhD- og postdoc-stipender og for når faste stillinger skal lysasts ut innan dei ulike fag. Slike planar må baserast på faglege kriterier.
– Kva er dei viktigaste sakene du vil arbeide for i universitetsstyret?
– Eg er veldig opptatt av at UiB sitt nye tilsettingsreglement skal bidra til at tilsettingsprosessane ved institusjonen blir meir opne og føreseielege. UiB har eit strategisk mål om å rekruttere dyktige fagpersoner. Då er det viktig at universitetet framstår som ein seriøs og profesjonell aktør. En av UiB sine utfordringar i så måte er lange og uklare tilsettingsprosessar, der søkarane ofte ikkje veit når dei kan vente svar på sine søknader, eller om dei i det heile tatt er med i vurderinga lenger. At søkarane får informasjon om prosessen er også viktig for at dei skal kunne nytte seg av rettane til innsyn
og klage. Ein slik regelendring treng ikkje bety mykje ekstra ressursbruk, det er snakk om å sende ut enkle, standardiserte brev eller epostar til søkarane. Eg meiner og at alle publikasjonar bør være Open Access. God forskingsformidling — i en vid forstand som betyr at ein ikkje berre skal fortelje om den siste forskingsartikkelen, men også å bidra til det offentlege ordskiftet — må bli en del av UiBs strategi.
Foto: Joar E.M. Klette
Kandidat 2: Ole-Johan Juvik, 31 år
Utdanning og stilling: Stipendiat i Farmakognosi ved Senter for Farmasi og Kjemisk Institutt, forskingsgruppe for Farmakognosi og naturstoffkjemi. Har farmasøytisk embetseksamen, (Mastergrad i Farmasi fra Det matematisk-naturvitenskaplige fakultet og Det medisinske fakultet ved UiB)
Fun Fact: Eg forskar mellom anna på misteltein, som kan brukast til mykje meir enn å kysse under ved juletider.
–Kva vil du særleg gjere for di gruppe om du blir vald?
– Eg vil arbeide for gode arbeidsforhold for dei tilsette i gruppe B slik at dei kan vie seg til hovudaktiviteten sin, som er forskinga. Eg vil bidra til at Universitetet i Bergen blir ein endå betre stad å forske, undervise og studere. Eg vil arbeide for føreseieleg og god finansiering av alle oppgåver ved UiB, og særleg for forskinga. Eg vil ha fokus på at forskinga må være på god kvalitet framfor kvantitet. Eg vil også arbeide for at det skal vere insentiv og midlar til å gi god undervisning, sidan dagens studentar er morgondagens yrkesutøvarar.
Foto: Privat
Kandidat 3, Katharina Wolff, 38 år
Utdanning og stilling: Cand.psychol., PhD, Postdoc
Fun Fact: Eg kan framleis kaste handgranater, noko eg lærte i gymtimane i DDR der eg vaks opp.
Katharina Wolff har site i universitetsstyret i snart eitt år.
– Det har vært spennande, lærerikt og har gitt meirsmak. Motivasjonen for å sitte der er som før: UiB har vore arbeidsplassen min sidan 1995, då eg full av forventningar høyrde mi første forelesing. Sidan har eg, ikkje mindre forventningsfullt, holdt forelesinger, disputert, sendt ungar i universitetet sin barnehage og delteke på styremøter. UiB har blitt meir enn ein arbeidsplass, nesten ein familie som ein kjenner godt, er glad i og klagar over ved kvart høve. Om ein ikkje i styret kan endre noko av det en er misfornøyd med, samt sikre universitetet sine framste kvalitetar, kan ein det ingen stader. I den korte tida i denne ærefulle og ansvarstunge jobben har eg kjent på både avmakt, men også på makt og sjansen til å påverke. UiB skal no utarbeide ein ny strategiplan som skal gjelde frå 2015. Sjansen til å delta i dette ville verkeleg glede meg.
– Kva vil du særleg gjere for di gruppe om du blir vald?
Eg veit kva det vil seie å vere midlertidig tilsett. Sjølv har jeg vort i midlertidige stillinger som vit.ass., PhD-kandidat, førsteamanuensis, og nå som postdoc. Når denne stillinga går ut, har jeg vore midlertidig tilsett i 14 år. Dette skuldast ikkje berre eigen ineffektivitet, men også det faktum at eg har fått eit par-tre barn. Dette er ikkje uvanleg for stipendiatar, og eg frykter at stadig fleire må være i midlertidige stillinger i over ti år før dei kan håpe på fast tilsetting.
Den viktigaste oppgåva mi er å arbeide for at talet på midlertidige tilsettingar minkar. Utan at eg kan ta ære for det, har styret i noverande periode vedteke ein handlingsplan for å redusere talet på midlertidige stillingar. Oppgåva mi i styret vil blant anna vere å be om at saka vert følgt opp og at planen vert gjennomført. Eg meiner at ein ikkje bør auke talet på PhD-stillingar utan at ein opprettar fleire postdoc-stillingar, slik at fleire kan kvalifisere seg til faste stillingar etter kvart. Eg meiner også at alle som ønskjer det bør kunne få undervisningserfaring, og få forlenga eksternt finansierte prosjekt mot at ein underviser.
– Kva er dei viktigaste sakene du vil arbeide for i universitetsstyret?
Eg vil gjere ein innsats mot at enkeltforskarar kun vert vurderte ut frå publikasjonsmengda. Dette beløningssystemet er spesielt uheldig for midlertidig tilsette som håpar på ei fast stilling. At styret har valt å avslutte ordninga med Fagerberg-midlar, meiner eg er eit skritt i riktig retning.
Det er tre ting eg vil endre dersom eg blir valt: Bruken av midlertidige stillingar bør avgrensast, og dagens insentivsystem bør forbetrast. Dessuten bør vilkåra for stipendiatar og andre midlertidig tilsette verte betra. Eg meiner også at vêret i denne byen bør bli betre, men eg innser avgrensingane mine.
Foto: Ingvild Festervoll Melien
Kandidat 4: Knut Melvær
, 29 år
Utdanning og stilling: Master i religionsvitskap, doktorgradsstipendiat i same fag ved AHKR, HF
Fun Fact: Eg eig ein halv hest. Kona eig den andre halvparten, men vi har ikkje blitt einige om det er på tvers eller på langs.
– Eg brenn for vitskap, undervisning og formidling. UiB er staden der eg har fått høvet til å halde på med desse tre tinga, og då føler eg eit ansvar for å bidra til at organisasjonen skal fungere på best mogleg måte. Og ja, eg meiner det er veldig spennande å få innsikt i korleis ein slik organisasjon vert styrt.
– Kva vil du særleg gjere for di gruppe om du blir vald?
– Mi hovudoppgåve som representant vil vere å halde kontakten alle oss som representerer gruppe B på alle nivå, og sørge for at erfaringar, saker og tilbakemeldingar som høyrer heime i universitetsstyret faktisk vert tekne opp der. Det er også spesielt viktig i ein periode der universitetsleiinga skal utarbeide eit nytt strategidokument. Eg har alt vore i kontakt med alle gruppe B-representantane på fakulteta og har fått ein del interessante tilbakemeldingar.
– Kva er dei viktigaste sakene du vil arbeide for i universitetsstyret?
– Personleg er eg oppteken av at midlertidig tilsette ved UiB har eit best mogleg utgangspunkt for å kunne vekse i det arbeidet dei gjer. Dette kan operasjonaliserast inn i mellom anna tre saker: Hindre og redusere administrative tidstjuvar, sørgje for ein best mogleg forskarutdanning, og legge til rette for ein kultur der midlertidig tilsette føler dei kan stille forventningar til sine arbeids- og utdanningsforhold utan å frykte implisitte sanksjonar.
– Kva tre ting bør endrast ved UiB?
– Mykje er bra ved UiB allereie, og det nye rektoratet har spennande tankar på blokka. Det er også bra at forskingsetikk og omsyn til miljøet vert prioritert høgare. Det burde også vere enklare for stipendiatar å få utvekslingsopphald. Dette vil forbetre forskarutdanninga og gjere UiB-kandidatar meir attraktive på arbeidsmarknaden.
UiB har ein del å gå på når det kjem til digitaliseringsarbeid. Det har blitt veldig mye snakk og lite handling. Difor har Livar Bergheim, masterstudent i informatikk og eg teke initiativet til å starte opp UiBeta der vi prøver å få alle grupper ved UiB til å fortelje om sine erfaringar med digitale verktøy i arbeidskvardagen. Målet med UiBeta er først og fremst å vise korleis refleksjon rundt digitale verktøy kan gjøre arbeidet vårt lettare, betre og kjekkare.
Samtidig som UiB er ein stor organisasjon som treng rammer og prosedyrar, møter eg stadig på byråkratiske, utdaterte og trongsynte hindringar. Ein snakkar mykje om å «satse på kvalitet». Det inneberer at det faktisk vert gitt insentiv til å prøve ut nye ting, og ein openheitskultur for konstruktive tilbakemeldingar. Det er kanskje eit abstrakt mål, men her er det nok en del som kan nedfellast i det nye strategidokumentet. Då er ein også nøydt til å tenke på korleis ein skal operasjonalisere dette heilt konkret. Og den refleksjonen treng vi alltid.
Foto: Magnus Halsnes