Katharina Wolff er postdoktor ved Institutt for samfunnspsykologi, og vil framleis representere gruppe B i universitetsstyret. Foto: Ingvild Festervoll Melien.

Katharina Wolff vann valet

Katharina Wolff fekk fornya tillit, og er klar for ein ny periode i universitetsstyret.

Kvart år er det val på nye representantar for gruppe B, altså dei midlertidig tilsette.

I dag stengte dei elektroniske valurnene, og det vart klart at Katharina Wolff fekk flest stemmer.

I alt fire kandidatar var nominerte. Katharina Wolff  får den faste plassen som medlem av UiB sitt øvste vedtaksføre organ, mens Martin Paulsen blei første vararepresentant. Knut Melvær og Ole-Johan Juvik blir også vararepresentantar.

Det blei avgitt 230 gyldige stemmer. 1048 med stemmerett. Av dei 230 stemmene var 12 blanke, og vert ikkje regna med ved valoppgjeret.

 

Desse fire stilte til val:
Ole-Johan Juvik, Senter for Farmasi og Kjemisk Institutt
Knut Melvær, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
Katharina Wolff, Institutt for samfunnspsykologi
Martin Paulsen, Institutt for framandspråk

Meir om kandidatane kan du lese her.

Powered by Labrador CMS