Grunna lang saksliste startar møtet ein time før vanleg tid, altså klokka 09.00. Møtet er opent for alle, bortsett fra sakene som er unnatt offentlegheit. Arkivfoto: Dag Hellesund

Klart for ny live-rapportering frå Kollegierommet

Onsdag er det klart for vårens siste møte i universitetsstyret. På Høyden dekkar hendingane i møtet fortløpande.

Onsdag morgon klokka ni startar møtet i universitetsstyret. På Høyden vil følgje møtet i universitetsstyremøtet i morgon. Som førre gong vil vi «live»-rapportere kommentarar og vedtak ved hjelp av verktøyet Coveritlive.

Vi vil følgje med på innspel og kommentarar via Twitter og mail. Hashtag for dagen blir #UiBstyremøte.

Vi tek òg gjerne imot spørsmål på mail. Du kan nå oss på tips@pahoyden.no.

Den fullstendige saklista til universitetsstyremøtet finn du her.

Tilsettingsreglar på agendaen
Det nye tilsettingsreglementet er ei av sakene det har vore knytt stor spenning til. Saksframlegget finn du her.

Her kan du lese tidlegare På Høyden-saker om forarbeidet til tilsettingsreglementet:

Byggeprosjekt dei neste fem åra
Kva byggprosjekt som skal bli prioritert i åra 2015-2020 står også på møteplanen. Her er saksframlegget.

Universitetsdirektøren foreslår at desse prosjekta blir prioritert:
Muséplass 3 – Dei naturhistoriske samlingane.
Lars Hillesgate 3. Nygård skole og Griegakademiet.
Allégaten 66 og EnTek-bygget.
Jahnebakken 5 og samlokalisering av klimaforskning i lokalene i Vestfløyen på Geofysen.
Campus Årstadvollen, med den gamle odontologtomta, det nye odontologibygget, Overlege Danielsens Hus og den ledige tomta framfor Alrek.

Les meir på UiB Aktuelt.

Powered by Labrador CMS