Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Samanslåing, småfag og budsjett for neste år: Alt skjer på det direktesendte styremøtet i morgon.
Universitetsstyret møtest i Grieghallen i morgon for å avgjere mellom anna budsjettet for 2014. På Høyden vil sende møtet direkte frå møtestart klokka 1000.
Ein annan sak på dagsorden er UiBs innspel til strukturmeldinga til Kunnskapsdepartementet. UiB ønskjer primært å utvikle seg til eit <<fullskalauniversitet>> med større blikk på innovasjon, og meir samarbeid med forskingsselskap og høgskular. På same tid er UiB ope for mulege samanslåingar i Bergensområdet.
Styret skal òg gå gjennom studieprogram med færre enn 20 plassar, og budsjettet for 2015 blir lagt fra.
Fredag blir det styreseminar. På Høyden vil vere til stades, men vi får ikkje sende det direkte. Her er programmet for styreseminaret.
Fordi vi sender heile møtet direkte med lyd og bilete vil vi denne gongen ikkje ha skriftleg direkterapportering med verktøyet CoveritLive, men vi vil publisere saker etterkvart.
Gi oss gjerne tilbakemelding om kva som fungerer på tips@pahoyden.no!