Univisjon og UMS inn i ny formidlingsavdeling

Publisert

Det akademiske kollegium har vedteke å samorganisera UMS (Universitetets mediesenter), Univisjon og Informasjonsavdelinga i ei ny formidlingsavdeling. Dette skal mellom anna vera eit skritt i retning av meir satsing på forskingsformidling, slik det har blitt skissert i den strategiske planen til UiB.

Det vert arbeidd for å få til samlokalisering av den nye formidlingsavdelinga som vil få totalt omlag 30 tilsette og 17 mill kroner i kostnadsbudsjett. Personalet ved Univisjon a/s, som er produksjonseininga til UMS, skal overførast til UMS. Idag er ti personar fast tilsett ved Univisjon, og to er mellombels tilsett. Seks personar er tilsett ved UMS. Alle desse blir no truleg overført til ei formidlingsavdeling, der også Informasjonsavdelinga med sine ti årsverk skal innlemmast. Univisjon blir vidareført som eit tilnærma “tomt” selskap som mellom anna skal handtera økonomi og personale for kortare oppdrag, samt produksjonar for eksterne kundar.

Styret for UMS blir avvikla, medan Univisjon som eit a/s nødvendigvis vil måtta oppfylla visse formalia når det gjeld styring og også vera regnskapspliktig på ein annan måte enn UMS.

Avklaring av uviss framtid

Både UMS og Univisjon har hatt økonomiske og administrative problem i dei senere åra. Dette skuldast til dels manglande inntening og til dels at leiarstillingane har stått tomme. Også spørsmålet om ei samanslåing med Høgskolens mediesenter har gjort at UMS/Univisjon har levd i uvisse om framtida.

Initiativet til å sjå på korleis desse avdelingane best kan organiserast kjem frå Universitetsdirektøren som argumenterer for at samanslåing av UMS/Univisjon og Informasjonsavdelinga er nærliggande. I DAK-saka heiter det at “Arbeidsoppgaver og målgrupper er så sammenfallende for de to enhetene at det er naturlig å vurdere en samorganisering av dem.”

Ei eiga avdeling for formidling vil dessuten vera eit markert signal om at Universitetet tar si lovpålagte funksjon om formidling alvorlig, heiter det mellom anna i DAK-saka.


Tett samarbeid med museet

Konkret vil en slik ny avdeling ha oppgaver knytta til formidling både internt og eksternt, både nettbasert, trykt og billedbasert forskningsformidling, video og TV-produksjon, i tillegg til støtte og produksjon av fjernundervisning og multimediaundervisning

Dersom det blir oppretta ei formidlingsavdeling, vil denne avdelinga også ha tett samarbeid med andre einingar. Først og fremst gjelder dette formidlingseininga til Bergen Museum. Også Institutt for medievitenskap er ein viktig samarbeidspartnar, særskilt gjeld dette på utstyr, drift og vedlikehold.

Powered by Labrador CMS