Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Stadig fleire administrativt tilsette ved UiB tek kontekt med personalforeningane for å få hjelp til å løyse problem på arbeidsplassen. Samstundes får UiB skryt for å gi dei tilsette gode høve til fagleg utvikling.
– Vi har fått meir av både konflikt- og personalsaker dei siste to åra. Det kjem fleire nye saker kvar veke og eg er uroa over om vi har kapasitet til å handtere alle sakene på ein god måte, seier leiar for Fagorganisasjonen Parat ved UiB, Gerd Johannessen. Parat-leiar Johannessen trur at hovudgrunnen til uroa er alle omstillingsprosessane som har pågått dei siste åra ved UiB. Dette gir i følge Johannessen auka konkurranse mellom dei tilsette, og set og større krav til kompetansen til den enkelte tilsette. Johannessen trur generelt at stressnivået har blitt høgare blant dei administrativt tilsette enn før. Det er gjennomgåande meir arbeid per administrativt tilsett, det er stadige omorganiseringar som gjer arbeidsframtida usikker, og det er krav til kompetanseheving. På grunn av alle omorganiseringane får dei lite ro i arbeidet, og effektivisering gjer at det blir fleire arbeidsoppgåver på kvar enkelt. Det er forventa at tilsette tek etter- og vidareutdanning for å halde tritt med utfordringane i jobben uansett om dei har høg eller låg formalkompetanse i bunnen. Gry Kibsgaard er forskingskonsulent på Odontologisk fakultet og representerer dei administrativt tilsette i Universitetsstyret. Ho seier seg einig i mykje av det den danske statsvitaren Stefan Hermann nyleg sa i På Høyden om at stress er blitt for mykje ei privat sak. Vi skal heller ikkje sjå oss blinde på kompetanseheving som det einaste saliggjerande, meiner Kibsgaard. I omorganisering ligg det og at vi skal endra på strukturane i organisasjonen. Ved å organisere dei administrative i større administrative einingar, kan vi få utnyttja kompetansen vår betre. Ved å vere fleire som jobbar administrativt innan samme felt vil stressmomentet også kunne imøtekommast ved at ein får fleire kollegiale støttespelarar i arbeidskvardagen.
Inntrykket blir stadfesta av leiar for Tekna Stat ved UiB, Erik Valevatn.
– Vi merkar også problem i samband med omorganisering, seier han til På Høyden.
Meir konkurranse mellom tilsette
– I omstillingsprosesser må ein velje hva ein vil arbeide vidare med, og mange går frå å være generalist til å vere spesialist. Dei eldste har gjerne minst formell kompetanse, men har lang og brei realkompetanse. Dei har utan tvil vanskelegast med å nå fram i høve til dagens krav til utføring og innhald i stillingane, seier Johannessen.
Ho meiner at dei nytilsette med høgare utdanning får betre løn og betre høve til å utvikle seg i arbeidet. Dette gjer at mange av dei som har jobba her lenge føler seg meir utrygge og får mindre tru på eigne evner til å henge med.
- Men sjølv om vi har fått langt fleire saker på bordet meiner eg at dei fleste av desse blir løyst på ein god måte, og at leinga strekker seg langt for å finne dei beste alternativa
Utvikling = utdanning
– Det blir litt slik at dersom du ønskjer utvikling i jobben må du ta meir utdanning, ellers stagnerer du. Det er ikkje alltid ei sjølvfølge at ein arbeidstakar har kapasitet til å ta utdanning ved sidan av full og travel jobb, seier Johannesen.
Ho meiner at det er eit leiaransvar å legge til rette for kompetanseutvikling, men at den enkelte også må ta ansvar for å halde ved like og utvikle eigen kompetanse.
Korleis arbeidsgjevar legg til rette for kompetanseheving er det opp til den enkelte eining å vurdere. Gerd Johannessen og Parat har nyleg foreslått at det skal lagast nokre felles retningsliner ved UiB som kan bidra til at det ikkje skal vere altfor store skilnader mellom arbeidstakarar. Ho viser til at der nokre får fri frå jobben for å auke kompetansen, må andre gjere dette utanom vanleg arbeidstid. Når arbeidsgiver og den enkelte ansatte satser på kompetanseheving, er det viktig å legge forholda til rette for at den enkelte har en reell mulighet til å gjennomføre utdanninga utan at stressnivået blir for høyt.
Johannessen gir samstundes skryt til UiB for å ha gjort ein veldig god jobb når det gjeld å tilby kompetansehevande kurs til alle grupper administrativt personale.
– Leiarar må hjelpe til å minske stresset
– Det som før var eit felles ansvar er no eit individuelt ansvar. Det handlar om korleis ein sjølv taklar utfordringane. Dette meiner eg er feil fokus. Vi må heller sjå på korleis leiarar ved å vere tydelege kan vere med å minske stresset til dei tilsette.
Kibsgaard peikar på at stresset ofte er størst hjå dei som sit lengst unna beslutningsprosessane, derfor må ein vere veldig god på informasjon, spesielt i omstillingsprosesser.
– Eg trur mange er usikre over kva som blir venta av dei. Det er for mykje opp til ein kvar å finne ut korleis ein skal fylle ei stilling. Særskilt kvinner vil ha ein tendens til å tenke at det er dei sjølv som ikkje gjer ein god jobb, heller enn å tenke at sjefen ikkje er flink til lage rammer for arbeidet.
Kibsgaard trur det tyngste stresset på den administrative sida ligg på dei midlertidig tilsette. Desse har ikkje dei same rettar og plikter, og dei må jobbe på høggir heile tida for å prøve å gjere seg fortent til fast tilsetjing.
– Desse er kanskje dei som opplever mest negativt stress, også fordi dei veit at dei er dei første som må gå om det blir innskrenkingar og omstillingar.
Spennande periode
Trass i auka stress meiner styremedlemmet at vi no er inne i ein kjempespennande periode, og at dei tilsette også opplever positivt stress.
– Fleire av kompetansehevningsprogramma er til dømes nyttige i samband nettverksbygging. Innad på eige nivå har ein fått fleire møteplassar, og mitt inntrykk er at mange no ser verdien i å jobbe tverrfakultært i større grad enn før, avsluttar Gry Kibsgaard, som understrekar at dei som er tilsette ved UiB er heldige. Ikkje minst fordi dette er ein demokratisk organisasjon der alle kan vere med å påverke i meir eller mindre grad.