Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
- Det er eit problem dersom institutta har ansvaret for forskarutdanninga, men samstundes er utan reell innflytelse på kva det skal forskast på, og nivået på forskinga, seier professor i sosiologi, Olav Korsnes.
I siste nummer av Forskarforum uttrykker Korsnes uro over organiseringa av PhD-utdanninga. Han meiner at ein større del av PhD-midla bør kanaliserast direkte til miljøa. Ved Sosiologisk institutt, UiB, der Korsnes er tilsett, har dei måtta avvise søkjarar til PhD trass i at søkjarane har finansiering. Han meiner vidare at det sterke fokuset på tverrfagleg forsking kan føre til ei neglisjering av det disiplinære. Prorektor ved UiB, Rune Nilsen, trur derimot at forskarutdanninga kan bli styrka i tida framover, sjølv om han meiner det er altfor få stipendiatstillingar å fordele mellom miljøa. - Kva er din kommentar til Korsnes påstand om at forskinga kan bli for politisk styrt slik som finansieringa er organisert i dag, og at den frie grunnforskinga dermed kan bli skadelidande?
I følgje sosiologiprofessoren kan forskingsmiljøet ut frå faglege interesser vurdere kva det er viktig å forske på. Elles er det ein fare for at systemet vi har i dag kan bli for politisk styrt, og gå utover av den fagleg begrunna, frie grunnforskinga.
- For å oppretthalde grunnforskinga og det faglege nivået er det kritisk at vi har ein nokonlunde stabil tilgong på PhD-kandidatar. Slik det er i dag kjem det meste av PhD-midlane ikkje til institutta eller fakulteta, men via program og institusjonar utanfor universitetet, eller randsona. I seg sjølv er ikkje dette noko gale, men grunnproblemet er å klare å få til ein fagleg dynamikk som gjer at målsetjinga om ei forskingsbasert utdanning er noko meir enn utdanning på papiret, seier Korsnes.
Har avvist søkjarar
- Grunnane til dette har både vore for lav kvalitet, og/eller at søkjarane vil forske på eit område der instituttet ikkje har rettleiingskompetanse, seier han.
Sosiologen meiner at universitetet er inne i ein overgongsfase der vi truleg misser ein del av den forskingsbaserte oppgåveskrivinga knytt til hovudfagsstudiet.
Neglisjerer det disiplinære
- Eg har vore talsmann for tverrfagleg forsking sidan eg byrja på universitetet, men ein må også vere klar over at det fins inga tverrfagleg forsking utan eit djupt og grundig fagleg fundament å bygge på. Ein forutsetnad for dette er at det fins disiplinær grunnforsking. Organiseringa vi har rundt PhD trugar etter mitt syn grunnforskinga og det er alvorleg, seier Olav Korsnes.
Trur på styrking av forskarutdanninga
- Noreg ligg jo langt bak land vi burde kunne samanlikne oss med. Dette er eit grunnleggjande problem hvis vi reelt skal bli eit kunnskapssamfunn.
- Signala frå Utdanningsdepartementet og faktisk frå Forskningsrådet er at ein ønskjer å styrke strømmen av stipendiatar gjennom universitets- og høgskulsektoren. Dei har gått inn for eit nasjonalt retningsgjevande reglement for PhD-programmet som strekar under forankringa i gode forskingsmiljø. Mitt inntrykk er derfor at PhD-reformen vil gje makt og kraft til slike miljø, seier Nilsen.
Han seier vidare at universitetet håper å sleppe einslege ryttarar, og UiB ønskjer å kanalisere stipendiatstillingane til dei gode fagmiljøa.
- I Bergen stiller vi både kvalitetskrav og kvantitetskrav, og enkeltforskarar skapar sjeldan dei verkeleg framifrå fagmiljøa åleine, seier Nilsen.
Bør ikkje gå via høgskular utan rettleiingskompetanse
- Det er klart at fagmiljøa ikkje kjem utanom å respondere på tematiske satsingar som er politisk initiert. Og ein kan slik sett vere skeptisk til heile EU-programmet til dømes, men det er også ein ganske stor grad av fleksibilitet innanfor programma – der det mellom anna er rom for god tverrfaglegheit.
Nilsen er likevel einig med Korsnes i at det er for mange program, og dermed ein god del av stipendiatstillingane, som går gjennom går via institusjonar som til dømes ikkje har rettleiingskompetanse.
- Eg skjønner faktisk ikkje at departementet og Forskingsrådet kan forvente at det blir tildelt stipendiatstillingar der ein ikkje er tilknytt eit godt nok forskingsmiljø. Då må vi heller satse på samarbeid mellom institusjonane for å sikre at stipendiatane får eit godt nok miljø å utvikle seg i, avsluttar Rune Nilsen.