Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Årleg døyr 57 millionar menneske av måten dei lever på. Ei ekspertgruppe leia av Grethe Tell ved Institutt for samfunnsmedisinske fag skal bidra til å senke dødstala.
For første gang døyr fleire menneske av livsstilsjukdomar enn av svolt. Kreft, hjarte-og karsjukdomar, diabetes og kroniske luftveissykdommer tek livet av 36 millionar menneske kvart år. Ein av fire av desse rekk ikkje å bli 60 år. Dei fire store folkesjukdomane I vår sette Verdas Helseorganisasjon (WHO) eit globalt mål om å redusere premature dødsfall som følge av ikkje-smittsame sjukdomar med 25 prosent innan år 2025. Ei ekspertgruppe samansett av fagpersonar fra ulike krinsar skal kome fram til konkrete og begrunna tiltak til korleis ein kan nå dette målet. Ekspertgruppa er leia av professor Grethe Tell ved Institutt for samfunnsmedisinske fag. Kjende faktorar aukar risikoen for å få ein av dei fire store folkesjukdomane. – Røyking, fysisk inaktivitet, usunt kosthald og høgt alkoholinntak, seier Tell. Ikkje berre i rike land 80 prosent av dei som døyr av såkalla ikkje-smittsame sjukdommar bur i land der folk tener dårleg eller middels dårleg, viser ein rapport fra WHO. Det er ikkje berre i vestlege land at ein døyr av måten ein lever på. I Kina røyker nesten 80 prosent av mennene. India er eit fattig land, men med eit enormt fedmeproblem. – Å redusere tala med 25 prosent er eit ambisiøst mål, globalt sett, seier Grethe Tell. (Foto: Ida Bergstrøm) Betre helse i Norge? – I Norge har aldri vore friskare enn vi er i dag. Men det er veldig store skilnader i folket. I enkelte bydelar i Oslo har folk ein forventa levealder som er ti år lavare enn i andre bydelar. Det er enorme sosiale skilnader når det kjem til helse. – Tren oftare, røyk mindre, et meir brokkoli og makrell. Blir ikkje det å gje råd om korleis leve lengre litt som å sparke inn åpne dører? – Mange av tiltaka vil vere gamalt nytt. Noko av det vi vil kome fram til er råd vi har høyrt i årevis. Eg trur det er bra at råda kjem fra ei uavhengig ekspertgruppe og ikkje fra styresmaktene. Gratis frukt og grønt Ekspertgruppa hadde sitt første møte i Helsedirektoratet 3. september, og skal levere sin endelige rapport i slutten av oktober. Sanninga om brød – Ingen som kan ernæring vil seie at ein ikkje skal ete brød. Brød er sunt, og det kan du sitere meg på. Men det må være grovt!
– Overvekt og fedme er eit like stort problem som underernæring. 60 prosent av alle tidlege dødsfall skuldast livstilssjukdomar, seier professor Grethe Tell til På Høyden.
Ifølge Tell er det ei myte at det er i rike, vestlege land at mortaliteten av desse sjukdomane er høgast. Fedme, alkoholinntak og røyking er ikkje lenger velstandslidingar.
Trass i at media dagleg gir råd om supermat, slanking og Stoltzen-trening, er ikkje Grethe Tell udelt samd i at vi har ei sunnheitsbølge i Norge.
– Folk må heilt klart ta seg sjølv i nakken. Men politikarane må óg kome med strukturelle tiltak. Vi må ha fleire sykkelstiar og trygge vegar å gå på. Det bør være gratis frukt og grønsaker i skulen. Dette er noko vi har høyrt i årevis, men det har ikkje vore tilstrekkeleg politisk vilje til å få det gjennomført i praksis. Det er estimert at talet på folk i Europa som døyr grunna hjarte-og karsjukdomar kan halverast ved hjelp av tiltak på befolkningsnivå.
– Heilt til slutt: Kva vil ekspertgruppa seie om brød? Er brød eigentleg sunt?