Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Aids-katastrofen aukar i omfang i det verda markerer den internasjonale aids-dagen 1. desember. Men det finst sprirar av håp, meiner forskar ved UiB, Knut Fylkesnes.
Den ferske statistikken frå FN-organisasjonen UNAIDS stadfestar at aids-epidemien held fram med å auke i omfang, hovudsakleg i Afrika sør for Sahara. På verdsbasis er 40 millionar menneske smitta av hiv-viruset. Ein reknar med at 25 millionar av desse bur i det sørlege Afrika. Fylkesnes har vore involvert i Hiv/aids-relatert forsking i meir enn ti år og står i spissen for fleire hiv/aids-forebyggande prosjekt i Afrika og Asia. Han har følgt nøye med på korleis epidemien har utvikla seg i Zambia, Vietnam og Kambodsja – tre svært ulike land, der også spreiinga av hiv-viruset utviklar seg ulikt. Den internasjonale aids-dagen fokuserer i år på kvinner og jenter, som vert tidlegare smitta enn menn. Kvinner vert lettare smitta biologisk sett. Manglande utdanning og økonomisk forsterkar utnyttinga og undertrykkinga kvinner er utsett for i mange samfunn, som igjen fører til at fleire vert smitta.
– Det er vanskeleg å vere optimist. Men samstundes er det store ulikskapar mellom ulike områder. I nokre områder der effektivt forebyggande arbeid har blitt gjennomført, ser vi ein markert nedgang i talet på smitta., seier professor ved Senter for internasjonal helse, Universitetet i Bergen, Knut Fylkesnes.
Kondom-kampanje verka
– I Kambodsja har ein lukkast med å snu epidemien. Infeksjonsraten som tidlegare var på fire prosent, er no nede i to til tre prosent. Viruset har hovudsakleg spreidd seg på grunn av prostitusjon. Kampanjer for kondombruk har verka. Men dei same kampanjene har ikkje verka i Vietnam. I dette landet skjer spreiinga både gjennom sprøytenarkomane som igjen har kontakt med prostituerte, seier Fylkesnes.
Også i afrikanske land har tiltak for endre seksuelle åtferd og få folk til å bruke kondom hatt avgrensa effekt. Men alt er ikkje håplaust. Fylkesnes har følgt utviklinga i Zambia over mange år, og i delar av hovudstaden Lusaka viser det seg no ein markert nedgang i smitten.
– Dette skjer blant folk med utdanning. Hos dei har åtferden endra seg veldig fort. Dette kan vi tolke som eit positivt trekk, fordi endring over tid som regel startar i dei sosiale gruppene med mest utdanning. Men det kan også tolkast som at det er grupper vi ikkje har nådd ut til, seier UiB-forskaren.
Konklusjonen er likevel at utdanning i seg sjølv er eit viktig våpen i kampen mot hiv/aids.
Fokus på kvinner
Sjølv om det er klart flest kvinner som er smitta av hiv/aids i Zambia sporar Fylkesnes likevel nokre positive tendensar som bryt med dette mønsteret – igjen blant dei som har eit visst utdanningsnivå.
– I våre data frå Lusaka går smitten raskt nedover blant unge kvinner, medan den held seg låg for unge menn. Det gir håp, seier Fylkesnes.
Universitetet i Bergen er i dag involvert i fleire forskingsprosjekt i det sørlege Afrika gjennom NUFU-programmet. No har i tillleg Forskningsrådet innvilga pengar til eit nytt hiv/aids-førebyggande prosjekt i Afrika, der UiB spelar ei hovudrolle.